Bauta gruppebilde foto bauta 11
FLEIRE TILSETTE: Bauta Group har gått frå 258 årsverk i 2021 til 422 årsverk i fjor. Dei fleste tilsette kjem frå Aust-Europa. Foto: Bauta Group
Nytt

Tomrefjord-konsern med supervekst i fjor

Har fleire enn 20 verft i kundeporteføljen. Auka inntekt og talet på tilsette med meir enn 50 prosent.

Marius Rosbach
09.08.2023

Bauta Group sitt konsernrekneskap viser ei auka i omsetninga på meir enn 100 millionar i fjor. Pilane for lønnsemda peika også oppover – og resultatet før skatt enda på knappe 36 millionar kroner.

Begge delar er solide rekordar for konsernet som består av 11 ulike selskap.

Ei omsetning på 328 millionar i 2022, utgjer ei inntektsauke på meir enn 50 prosent samanlikna med 2021 (sjå tabell under).

Bauta Group (konsern)
Årsresultat (i mill kr)
20222021
Driftsinntekter328,2212,6
Driftsresultat38,126,8
Res. før skatt35,926,7

Det vert teke utbytte på knappe 5,2 millionar etter det gode fjorårsresultatet.

Eigenkapitalen i konsernet var på 91 millionar ved utløpet av 2022, og langsiktig gjeld var då på drygt 52 millionar kroner.

Skipsindustrien viktig oppdragsgivar
Hovudbasen til Bauta Group er i Tomrefjord og verksemda gjekk tidlegare under namnet MCP Holding. Dei siste åra har konsernet vekse både gjennom oppkjøp og ved auka volum i aktivitetane til dei ulike selskapa.

Mykje av verksemda er retta mot skipsindustrien. Konsernet har over tid jobba med å utvide kundeporteføljen for å fordele risiko.

No utfører Vestnes-konsernet oppdrag for fleire enn 20 verft og jobbar med å utvide porteføljen vidare, heiter det i årsmeldinga.

Stor auke i bemanninga
Bauta Maritime er det suverent største selskapet i konsernet, men også Bauta Construction og Bauta Electro tilfører betydelege inntekter.

Auken i aktivitet har også ført til stor auke i talet på tilsette. NETT NO omtala korleis Bauta Electro tilsette 50 nye elektrikarar tidlegare i år.

Med 422 årsverk i arbeid i fjor, auka konsernet sysselsettinga med meir enn 60 prosent frå 258 årsverk i 2021.

Kronekursen kan svekke rekrutteringa
Om kronekursen held fram å svekkast, kan det bli vanskeleg å behalde dei tilsette – som i hovudsak kjem frå Aust-Europa, skriv leiinga i årsmeldinga.

I motsett tilfelle blir norske aktørar meir konkurransedyktige samanlikna med utanlandske arbeidsgivarar, påpeiker styret.

Konsernleiinga ser lyst på framtida, trass konkurransen frå industrien i utlandet.

Publisert: 09.08.2023 05:00

Sist oppdatert: 06.05.2024 20:45

Mer om