Andreas Andenæs daglig leder i Christie foto Ogne
NY VEKSTMARKNAD: Fleire kundar vel rehabiltering, ombygg og tilbygg i staden for riving og nybygg, ifølgje Christie & Opsahl-sjef Andreas Andenæs. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Satsar på dobling i veksande marknad

Innan eitt til to år skal ombygging, utbetring og tilbygg stå for ein fjerdepart av inntektene til Christie & Opsahl.

23.11.2022

Christie & Opsahl-sjef Andreas Andenæs seier entreprenørselskapet med hovudkontor i Molde ligg an til å nå 670 millionar kroner i driftsinntekter i år og 800 millionar kroner i i 2023.

Det fortalde han på eit frukostmøte i Molde Næringsforum denne veka, der han trass i generell uro for utviklinga i bygge- og anleggsbransjen var optimistisk på entreprenørselskapet Christie & Opsal sine vegne.

Slår Andenæs sine prognosar til vil den sterke veksten halde fram og selskapet neste år få nesten dobbelt så høge driftsinntekter som i 2020.

Rekordår
- 2021 vart eit rekordår for oss på alle måtar, sa Andenæs då 2021-tala til selskapet var klare.

Veksten til selskapet skuldast både organisk vekst og oppkjøp.

I 2022 kjøpte selskapet tre mindre selskap i bygge- og anleggsbransjen i Møre og Romsdal; Handverksbygg, Kleive Betongbygg og Romsdal Bygg.

Meir rehabilitering
Ein av grunnane til optimismen framover er forventningane om vekst i det Andenæs kallar ROT-marknaden.

ROT står for rehabilitering, ombygging og tilbygg. Målet er å kome opp i 150-250 millionar kroner i driftsinntekter frå den marknaden innan kort tid, og at dei inntektene skal utgjere omlag ein fjerdepart av dei samla inntektene til Christie & Opsahl.

Både hos entreprenørane og kundane har haldninga til å rehabilitere eksisterande bygg i staden for å rive og bygge nytt endra seg i favør av rehabilitering dei siste åra, seier Andenæs.

Det er ei utvikling som delvis er driven av bærekraftomsyn og der rehabilitering blir vald sjølv om det kan vere rimlegare å rive og bygge nytt, seier han.

Publisert: 23.11.2022 11:19

Sist oppdatert: 23.11.2022 11:19

Mer om