Rekordår for Christie & Opsahl
Tilsette 40 nye i fjor, og skal ha like mange i år.
- 2021 vart eit rekordår for oss på alle måtar, seier dagleg leiar Andreas Andenæs i entreprenørselskapet Christie & Opsahl.
Mange gode prosjekt, og få dårlege er forklaringa på at også lønsemda steig ( sjå tabell under).
Andenæs er optimist for 2022 også, og ventar like stor vekst og like god lønsemd i år som i fjor.
- Året i år ser veldig bra ut, seier han.
Fleire folk
Meir å gjere betyr også at selskapet treng fleire folk. I fjor tilsette Andenæs omlag 40 personar. Samstundes slutta nokre, slik at netto auke var omlag 30, til 140 tilsette.
I år er han på jakt etter like mange, i alle type fag som eit entreprenørselskap treng.
Satsar meir på Søre Sunnmøre
Christie & Opsahl har hovudkontor i Molde og kontor på Åndalsnes, i Ålesund og i Ørsta.
Ørstakontoret blei etablert i fjor og i fjor tok Christie & Opsahl også over alle 15 tilsette og driftsmidlar i Ulstein-selskapet Handverksbygg.
Christie & Opsahl har vunne fleire kontraktar på Søre Sunnmøre og skal mellom bygge den nye symjehallen i Volda.
Christie & Opsahl as | ||
Tal i mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 541,1 | 430,6 |
Driftsresultat | 39,8 | 25,1 |
Resultat før skatt | 39,7 | 25,4 |
Publisert: 22.03.2022 10:18
Sist oppdatert: 22.03.2022 10:38