Satsar på jugendfest i år
Letta i smitteverntiltaka har styrka Momentium i trua på at det blir Jugendfest i år.
Musikkfestivalen Jugendfest treng rundt 10.000 deltakarar for å bli arrangert, og med letta i smitteverntiltaka som regjeringa varsla i dag, er Ante Giskeødegård blitt meir optimistisk til at den to dagar lange festivalen kan gå av stabelen.
Planen er å arranger festivalen i slutten av august, eventuelt flytte den inn i september, eller innandørs om den må arrangerast enda seinare.
Uansett er Jugendfestivalen eit arrangement som Momentium legg stor vekt på få arrangert i år, etter at koronaepidemien og tiltaka mot den har tvinga selskapet til å avlyse arrangement sidan mars i fjor.
- Vi har ein plan A, B,C,D og E, seier Giskeødegård.
Oppmuntring
Letta i smitteverntiltaka som kom i dag går ikkje langt nok til at Jugendfest-festivalen kan arrangerast. Også den tradisjonsrike musikkfestivalen Sommarfesten på Giske i sommar blir begrensa til to ganger 200 personar, men letta i dag er likevel ei oppmuntring for kultur- og utllivsbransjen, meiner Giskeødegård.
- Det positive er at dei (regjeringa, red.merk) følgjer planen og held på datoane for gjenopning, seier han.
(saka held fram under)
Les også
Mellom anna blir skjenkestoppen ved midnatt oppheva, som er bra for restaurantbransjen, der Momemtium-grunnleggarane er medinvestorar i Molo Brew, Bro og ein ny restaurant i Tollboden-bygget.
Dei får også glede av at grensa for kor mange som kan samlast til arrangement i leigde lokale aukar til 100. Det vil får fart på bryllupsfestena, som er ein viktig marknad for konferanse- og festlokala selskapet har på Giske.
Publisert: 18.06.2021 15:50
Sist oppdatert: 18.06.2021 16:16