Kjetil Aarseth foto Tikkio 11
MED I EKSPORTPROGRAM: Kjetil Aarseth i omgjevnader han helst likar. Sidan koronapandemien har det vore lite festivalar, men onsdag fekk Tikkio-sjefen seg ein opptur. Foto: Tikkio
Nytt

Kom gjennom nålauge til eksportprogram: – Heilt topp

Tikkio frå Giske er ein av åtte bedrifter som er valt ut til å ta norsk kreativ teknologi ut i verda.

Marius Rosbach
16.06.2021

Billettselskapet Tikkio frå Giske er mellom åtte bedrifter som har kvalifisert seg til å vere med i eksportprogrammet «Kreativ teknologi ut i verden».

Deltakarane får tilskott og rådgjeving som skal hjelpe dei til å vekse internasjonalt. Heile 41 bedrifter søkte om å vere med og onsdag kom avgjerda om at åtte var plukka ut.

– Det er heilt topp – og ei anerkjenning av det vi har gjort. Vi har alltid vore litt kry over det vi har fått til, men dette er ei også ei anerkjenning om at vi har tenkt lurt om fortsettinga, fortel dagleg leiar Kjetil Aarseth i Tikkio til NETT NO.

Vi har vore disruptive heilt frå starten av, ved at vi har vore med å endre spelereglane i bransjen, og det har vi har tenkt til å halde fram med
Kjetil Aarseth

– Har vore med å endre spelereglane
Bakgrunnen for at sunnmøringane kom med i programmet som regjeringa vil bruke åtte millionar kroner på, er at selskapet fortalde om kva dei har gjort – og kva dei kunne tenke seg å gjere annleis.

– Vi har vore disruptive heilt frå starten av, ved at vi har vore med å endre spelereglane i bransjen, og det har vi har tenkt til å halde fram med, fortel Aarseth.

Skal satse i fleire land
I ei pressemelding uttalar kultur- og likestillingsminister Abid Raja at han er overtydd om at Norge har eit større eksportpotensial, enn det som har vore realisert til no, når det kjem til kreativ teknologi.

Tikkio er allereie representert i Norge og Danmark, og no står større folkerike europeiske land som Tyskland, Frankrike og Storbritannia for tur.

Ting startar å skje
Det siste året har vore beintøft for Giske-selskapet med fem tilsette. Alt av arrangement fall heilt vekk frå koronapandemien slo til i fjor. Marknaden er enno ikkje tilbake til normalen, men ting begynner å skje, fortel Aarseth.

– No er vi tilbake på det same talet arrangement som før krisa starta, men vi er langt i frå der vi var på omsetning, seier han.

Konsertar der det til vanleg har vore 500 publikum i salen, er det no kanskje 50.

Vi har ein sterk pool med eigarar, som har kapital, innsatsvilje og trua på det vi driv med
Kjetil Aarseth

Emisjon og støtte frå Innovasjon Norge
Aarseth legg ikkje skjul på at det har vore tøft, men er tydeleg på at det ikkje er noko fare for at billettselskapet skal gå over ende.

– Vi har ein sterk pool med eigarar, som har kapital, innsatsvilje og trua på det vi driv med. Vi gjorde også ein emisjon i fjor for å halde oppe aktiviteten, fortel Tikkio-sjefen.

Han påpeiker at tilskot, lån og rådgjeving som dei har fått frå Innovasjon Norge har vore avgjerande for at dei har halde koken.

– Dei har vore med heile vegen, både sentralt og her lokalt. Og samtidig er det veldig kjekt med alle arrangørane som trur på oss og anbefaler oss til andre, avsluttar han.

Publisert: 16.06.2021 19:41

Sist oppdatert: 17.06.2021 00:51

Mer om