Satsar på mange lærlingar på ny båt
Når Ervik Havfiske sin nye krabbe- og rekefiskebåt blir levert skal ein stor del av mannskapet vere lærlingar.
Modellar av fartøyet blei avduka først hos Ervik Havfiske og deretter hos skipsdesignselskapet Marin Teknikk under fiskerimessa Nor-Fishing i dag.
Den kombinerte krabbe- og rekebåten til ein halv milliard kroner blir den dyraste Ervik Havfiske nokon gang har fått bygd.
For Tersan Shipyard i Tyrkia blir dette den åttande båten verftet har bygd for Ervik Havfiske-konsernet.
Mannskap på 20-28 personar
Båten får eit mannskap på 20-28 personar, alt etter kva fiske den er i. Planen er at seks til åtte av mannskapet skal vere lærlingar, fortel dagleg leier Robert Ervik i Ervik Havfiske.
Ervik presenterte fartøyet for først gang på ein næringkonferanse i Måløy, med mange elevar til stades.
Les også
– Grunnen til at vi ville fortelje nyheita til elevane, er at dei er viktige for framtida vår. Mange av desse går matros og fiske- og fangst-utdanning, og dei vil vere våre lærlingar og arbeidstakarar i framtida. Difor ville vi vise at vi sett pris på dei, sa Robert Ervik til NETT NO i vinter.
Prisnominert
Det nye fartøyet får ein moonpool - ein brønn under båten der krabbeteinene skal trekkast inn. Det skal både gir et meir behagleg arbeidsmiljø for mannskapet og gi meir skånsam behandling av fangsten.
Fartøyet skal både fiske snøkrabbe og reke og dele året likt mellom dei to fiskeria.
Moonpoolen gjorde at Ervik Havfiske og Marin Teknikk, som har designa fartøyet, var ein av tre finalekandidater til å vinne Nor-Fishing sin innovasjonspris 2022.
Publisert: 23.08.2022 15:45
Sist oppdatert: 25.08.2022 13:28