Ervik bygger nytt flaggskip
Reiarlaget prioriterte å fortelje nyheita til skuleelevar framfor media. – Dei er viktige for framtida vår, påpeiker Robert Ervik.
Ervik Havfiske på Stadlandet skal bygge eit nytt fiskefartøy som blir det største fartøyet i flåten.
Administrerande direktør Robert Ervik fortalde nyheita til elevane på Framflyt-konferansen i Måløy vidaregåande skule tysdag og saka blei først omtalt av Fjordenes Tidende.
Fiskebåten vil ha behov for to skift med sjøfolk – til saman 50 arbeidsplassar. Ervik synest det var kjekt å kunne sleppe nyheita om nye arbeidsplassar framfor Måløy-elevane.
– Grunnen til at vi ville fortelje nyheita til elevane, er at dei er viktige for framtida vår. Mange av desse går matros og fiske- og fangst-utdanning, og dei vil vere våre lærlingar og arbeidstakarar i framtida. Difor ville vi vise at vi sett pris på dei, fortel Robert Ervik til NETT NO.
Bygger truleg i Tyrkia
Det er ikkje gjort ein avtale med byggeverft, men Ervik stadfestar at det nye flaggskipet truleg blir bygd i Tyrkia, som dei siste fartøya deira. Venta levering for nybygget er mot slutten av 2023.
Det siste tilveksten til flåten, Argos Helena, blei levert frå Tersan-verftet i fjor.
Reiarlaget vil ikkje seie kva fiske fartøyet skal ut på, men avslører at nybygget blir 69,5 meter lang og 17 meter breitt. Fleire detaljar ønsker dei ikkje å gå ut med før ein presentasjon under Nor-Fishing-messa i Trondheim i august.
Brønnbåtsamarbeid
Under konferansen kunne også Ervik fortelje at dei skal samarbeide om å
etablere eit nytt brønnbåtreiarlag saman med med Husøy Fiskeriselskap.
Ervik-konsernet har også eige sjømatdivisjon som blei starta i fjor og omfattar Måløyterminalen og ein fryseterminal.
Publisert: 16.02.2022 11:24
Sist oppdatert: 16.02.2022 13:08