Bondalseidet 2 foto Ogne
MEIR SNØ: Øvre deler av Ørsta Skisenter-området - der dette biletet er frå - har normalt nok snø, men i hovudtraseen blir det investert i utbetra snøproduksjonsanlegg. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Satsar på meir snø

Vil investere inntil fire millionar for å lage snø.

01.08.2022

Ørsta Skisenter gjekk ut av 2021 med plussresultat og fekk også overskot i vintermånadane januar-mars.

Selskapet driv alpinanlegget og turløypene på Bondalseidet i Ørsta.

No skal selskapet investere inntil fire millionar kroner i å utbetre snøproduksjonsanlegg. Det nye anlegget skal både bli meir automatisk, slik at det blir mindre arbeidskrevande rigging, og kan produsere snø på høgare temperaturar enn det eksisterande.

Ventar på spelemiddelavklaring
Kor stor investeringa blir er ikkje endeleg avgjort, det kjem mellom anna på kva selskapet kan få av spelemidlar til idrettsanlegg ifølgje styreleiar Gunnar Knutsen.

Frå og med 2021 la Ørsta Skisenter om frå å følgje skisesongen til å følgje kalenderåret i reknskapsrapporteringa.

Tre i pluss
Fire av seks skianlegg-selskap på Nordvestlandet i NETT NO si oversikt (sjå tabell) gjekk i pluss i siste offentleggjorde reknskap.

Det største, Strandafjellet Skisenter, gjekk i minus, men har tidlegare fortald om eit vesentleg oppsving i år. Det selskapet er også det av selskapa på Nordvestlandet med den største aktiviteten sommarstid, mellom anna med gondolbane. På Stranda står aktiviteten på sommaren for rundt to tredjeparten av overskotet i eit normalår.

Ørsta Skisenter as
Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt4,1
Driftsresultat1,2
Resultat før skatt1,1

Stordal Alpinsenter as

Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt2,31,3
Driftsresultat0,8-0,4
Resultat før skatt0,6-0,6
Strandafjellet Skisenter as *
Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt16,612,8
Driftsresultat0,2-1,7
Resultat før skatt-1,4-3,6
Stryn Vinterski as *
Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt3,31,7
Driftsresultat0,60,1
Resultat før skatt0,2-0,3
Hornindal Skisenter as *
Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt2,83,5
Driftsresultat-0,20,8
Resultat før skatt-0,20,7
Harpefossen Skisenter as*
Tal i mill. kroner

2021

2020
Driftsinntekt4,94,0
Driftsresultat0,40,1
Resultat før skatt0,2-0,3
* Reknskapen følgjer skisesongen. 2021-tala i tabellen viser korleis det gjekk i sesongen 2020/2021.

Publisert: 01.08.2022 11:19

Sist oppdatert: 01.08.2022 11:19