Stryn vinterski foto Stryn vinterski
INVESTERINGAR: Stryn Vinterski har investert kring 11 millionar kroner i ny heis og auka produksjon av kunstsnø dei siste åra. Foto: Stryn Vinterski
Nytt

Hadde eitt av sine beste år

Skisenter i Stryn tilbake i solid pluss etter kriseår.

Marius Rosbach
07.02.2022

Stryn Vinterski leverer eit svært godt resultat for fjorårssesongen.

Rekneskapa som nyleg er gjort offentleg, viser at skisenteret er tilbake på plusssida, med eit overskott på nær ein halv million. Året i førvegen ga eit tilsvarande underskot.

Selskapet har avvikande rekneskapsår som går frå juli 2020 til juni 2021.

Hauster av investeringar
Dagleg leiar Frode Briksdal fortalde til NETT NO for eitt år sidan at sesongen såg bra ut på det tidspunktet, med ein snørik start på vinteren.

Ved slutten av fjorårssesongen kunne skisenteret bokføre inntekter på drygt 3,2 millionar kroner, som er mellom dei beste omsetningsåra senteret har hatt sidan 1998 (sjå tabell under).

Skisenteret har mellom investert i ny juniorheis og meir snøproduksjon dei siste åra, som dei no kan hauste fruktene av.

Idrettslag eig mesteparten

Stryn Turn og Idrettslag eig nær 90 prosent av aksjane. Bæasætra Hyttefelt, Rox Holding og Hotel Alexandra, er dei største av ein rekke småaksjonærane elles i selskapet.

Selskapet sysselsette to årsverk i perioden frå juli 2020 til juni 2021.

Skisenteret har åtte preparerte nedfarter, skiutleige, afterski og 20 kilometer preparerte langrennsløyper, ifølgje heimesida.

Stryn Vinterski AS

Årsresultat (i mill kr)


2021

2012

Driftsinntekter

3,26

1,7

Driftsresultat

0,61

-0,3

Res. før skatt

0,46

-0,5

Publisert: 07.02.2022 14:44

Sist oppdatert: 07.02.2022 14:48

Mer om