Satsar sterkare paa klyngene
PÅ SUNNMØRSBESØK: Den maritime klynga på Nordvestlandet er mellom dei næringsminister Iselin Nybø vil styrke for å auke eksporten. I førre veke fekk statsråden innspel frå ein rekke bedrifter på Sunnmøre om korleis ho kan hjelpe den maritime industrien på kort sikt.
Nytt

Satsar sterkare på klyngene

Regjeringa sin plan for å auke eksporten går mellom anna ut på å styrke næringsklynger – som den maritime på Nordvestlandet.

Marius Rosbach
07.10.2020

Tysdag kom regjeringa sin handlingsplan for auka eksport på bordet. Det 44 sider lange dokumentet har fått namnet «For og med norsk næringsliv».

Rapporten blei lagt fram av næringsminister Iselin Nybø og utanriksminister Ine Eriksen Søreide i Oslo. Bakteppet er at norsk eksport har gått ned over mange år, samtidig som mange eksportbedrifter er hardt råka som følgje av koronapandemien.

Opprettar ny eksporteining
Planen inneheld ein rekke mål og verktøy for auka eksport, utan at den endelege forma er lagt. Eit av dei sentrale verkemidla er å opprette ein ny eining kalla Business Norway, som skal jobbe aktivt saman med næringslivet for å fremme eksport.

Eit panel skal i løpet av hausten gi råd til korleis den nye eininga kan arbeide tettare med næringslivet, enn verkemiddelapparatet har gjort til no. Eit overordna mål er at norske styresmakter framover skal jobbe meir strategisk med bransjar og marknader, der ein meiner det er størst sjanse for å lukkast.

Kjem med 100 mill. i statsbudsjettet
Dei første millionane til eksportarbeidet kjem når statsbudsjettet leggast fram onsdag klokka 10.

Ifølgje lekkasjar på førehand dreiar det seg om 100 millionar kroner. 75 av millionane går til nysatsinga Business Norway, medan 20 millionar går til næringsklyngene. Fem millionar går eksport av norsk kultur.

Ut frå signala som elles er kome om statsbudsjettet, ligg det ikkje an til at det kjem store styrkingar i krisetiltak som er retta mot den maritime industrien i regionen.

Klyngesatsing
I eksportplanen skriv regjeringa at dei vil sørge for at dei «modne» klyngemiljøa, nyttast til utviklings- og omstillingsprosjekt i næringslivet - som kjem til nytte utover eigen klynge. Dei viser til at det er sett i verk nye delprogram for klyngene i løpet av 2020, som skal bidra til det.

Slik vil regjeringa «legge til rette for at dei modne klyngene skal bidra til å skape betre føresetnader for omstilling, vekst og internasjonalisering i norske næringsliv», heiter det i planen.

Regjeringa vil også lage ein oversikt over omfanget av eksport av grøne teknologiar og løysingar, for å legge til rette for meir næringsutvikling i den retninga. Vidare skal eksportfinansieringa forenklast ved at Eksportkreditt Norge og Garantiinstituttet for Eksportkreditt (GIEK) blir slått saman neste år.

Ap: Skuffande svak
Arbeidarpartiet kritiserer planen for å mangle verkemidla næringslivet treng, ifølgje Nynorsk Pressekontor.

– Det bør bekymre norsk næringsliv at ei regjering som har styrt Noreg i sju år, ikkje evnar å foreslå eit einaste konkret punkt for korleis den strategiske satsinga på arbeidet med eksportfremjing skal styrkjast. At det endå ein gong må greiast ut vidare, verkar rett og slett urovekkjande passivt, seier Aps næringspolitiske talsperson Terje Aasland til NPK.

Han etterlyser eit mål for eksportveksten og viser til at Arbeidarpartiet i programutkastet sitt vil forme eksportpolitikken for å nå eit mål om 50 prosents vekst i eksport utanom olje og gass innan 2030.

Eksporterer mest til EU
NHO er fornøgd med planen:

– Det er bra at regjeringa vil satse meir strategisk på norsk eksport, i tettare samarbeid med næringslivet. Vi støttar etablering av ein ny modell, og det er viktig at næringslivet skal delta aktivt i utviklinga av den endelege eininga. NHO kjem til å ta ei aktiv rolle i dette arbeidet, seier administrerande direktør Ole Erik Almlid i NHO.

– Vi har over tid sett at eksportgapet har auka, og vi må auke eksportdelen vår. Vi må løfte større eksportsatsingar. Ein ny modell må leggje til rette for å sikre riktige strategiske satsingar i tett samarbeid med næringslivet, seier Almlid.

Norge har tapt i eksportkonkurransen
I samband med at planen blei lagt fram, påpeika næringsminister Iselin Nybø at regjeringa vil gjere det dei kan for at eksportbedriftene skal kunne halde fram med verdiskaping - også under og etter koronakrisa.

Også før pandemien slo til var det uro over at eksportandelen stadig har gått ned. Ingen andre land i Europa har tapt meir eksportvolum enn Norge dei siste 20 åra.

BI-professor Torger Reve sa til NETT NO i fjor at han meinte ein nøkkel for meir eksport, var å satse på havklyngene – og auka samarbeid mellom dei. På Nordvestlandet meinte han det var behov for høgre grad av kommersialisering.

– Vi må bli langt flinkare til å kommersialisere og skalere globalt. Vi har alt for mange som driv med forsking og alt for få som driv med sal, sa Reve.

Ein Menon Economics-rapport som blei lagt fram i august peika mellom anna på at Norge bør la seg inspirere av korleis Sverige og Danmark jobbar med eksport.

Les også: Reve: Norge har framleis eit problem

Fylket og næringslivet saman om omstilling

Analyse: Ein rett Vestre

Mener næringslivet bør satse på «Made in Norway»

Eksportbedriftene i fylket gir jobb til 46.000 personar

Tre anbefalinger til hvordan Norge kan bli bedre på eksport


Vi har alt for mange som driv med forsking og alt for få som driv med sal

Publisert: 07.10.2020 05:55

Sist oppdatert: 15.10.2021 13:16

Mer om