Satsar stort paa norsk skipsbygging
NORSK PÅ REKKJE OG RAD: Verftsdirektør Murat Bener ved Besiktas byggjer norske skip på rekkje og rad. Bak M. Ytterstad som straks er klar for overlevering. 
Nytt

Satsar stort på norsk skipsbygging

71 verft, der dei fleste manglar oppdrag. Dette er situasjonen for verftsindustrien i Tyrkia. Verftsleiinga set sin lit til Norge.

25.11.2014

- Ja, utan Norge hadde det sett mørkt ut. Vi har satsa svært store summar på nye anlegg, mykje på grunn av nordmennene, seier kommersiell direktør Sinan Kavala ved Cemre.

- Vi likar å samarbeide med nordmenn. Det gir ein tilleggsverdi. Eg håpar at dette samarbeidet vil fortsette, seier direktør Mehmet Gazoglu ved Tersan.

- Vi ønskjer å fortsette å byggje spesialiserte fiske- og offshorefartøy for norske reiarar, seier direktør Murat Bener ved Besiktas.

Verft som perler på ei snor
Dei tre tyrkiske verfta Besiktas, Tersan og Cemre ligg som perler på ei snor. Saman med Sefine like ved, har verfta det til felles at dei byggjer norske båtar. Mange norske båtar.

Dei fire verfta er av dei 48 tyrkiske verfta som ligg tett i tett i to verftsklynger rundt Istanbul.

Mehmet Gazioglu Tersan 3 nettnohalf
OPNA OPP: - Det er nordmennene som har opna opp for at reiarar frå Island, Færøyane og Russland har kome til oss, seier verftsdirektør Mehmet Gazoglu.. Foto: Kjetil Haanes

I Tuzla på den europeiske sida finn du 27 verft. Her byggjer verfta Ada, Desan, RMK og Sanmar skip anten for norske reiarar eller med norsk design.

Ein tretti minutts ferjetur unna finn du Yalova-verfta, på den asiatiske sida. Her er 21 verft samla på eit lite område.

Norge er størst
Skipsteknisk og Havyard har hittil vore dei klart største på design i Tyrkia. Men andre har kome etter, og no finn ein også norsk design frå Rolls-Royce, Sawicon, Møre Maritime, Salt og LMG Marin.

Det vert snakka varmt om Norge på mange av verfta, for på få år har Norge vorte den viktigaste skipsbyggingsnasjonen i Tyrkia, i følgje «Maritime Market Report» frå Innovasjon Norge. Nest størst er den tyrkiske staten, i hovudsak med bygging av fartøy til den tyrkiske marinen.

Fram til 2008 bygde mange av dei tyrkiske verfta skip for mange europeiske reiarar. Tyrkia var spesielt store på bygging av kjemikalietankarar.

Frå 98 til 18 skip
Men så kom finanskrisa, og kundane forsvann eller bestemte seg for å byggje ved asiatiske verft. Botnen vart nådd i 2012 då berre 18 skip vart leverte frå tyrkiske verft. I 2008 var talet 98.

I staden for å vente på at tankbåtreiarane skulle kome tilbake, satsa mange av dei tyrkiske verfta i staden på ferjer, fiskefartøy, seismikkskip og mindre offshoreskip. Med eitt var dei tyrkiske verfta midt inne i konkurransen med dei norske verfta.

Sinan Kavala Cemre nettnohalf
STORE INVESTERINGAR: - Eigarane har investert over 30 millionar Euro på å byggje ut verftet. Dette hadde vi ikkje gjort om det ikkje var for alle oppdraga med Norge, seier kommersiell direktør Sinan Kavala ved Cemre. Foto: Kjetil Haanes.

Samstundes vart verftsområdet i Yalova oppretta. Mange verft flytta frå Tuzla-distriktet, som ligg i utkanten av Istanbul by, og der det er planar om å avvikle verftsaktiviteten om nokre år.

Flaggskipet Østerbris
Nysatsinga har gitt resultat. På Tuzla-sida er framleis fleire norske skrog under bygging, slik som ved Ada skipsverft der skroget til eit Fjellstrand-bygd offshoreskip til Norside. Men det er på den asiatiske Yalova-sida ein no finn dei fleste norske skipa.

På Sefine er ein i god gang med to ferjer til Fosen, medan ein på Cemre nyleg leverte frå seg den 74 meter lange fiskebåten Østerbris til Austevoll-selskapet Østerfjord. Båten var den første som vart ferdig utrusta på Cemre, og selskapet brukar den for alt det er verd i marknadsføring.

O Esterbris Bergen Cemre nettnohalf
MARKNADSFØRING: Den 74 meter lange fiskebåten Østerbris til Austevoll-selskapet Østerfjord var den første som vart ferdig utrusta på Cemre, og selskapet brukar den for alt det er verd i marknadsføring. Foto: Kjetil Haanes

«Den mest effektive fiskebåten i verda» reklamerer verftet med i påkosta brosjyrer.

Storleverandør til Havyard
På beddingen ligg no skroget til ringnottrålaren Smaragd frå Herøy, og ein er tillegg godt i gang med to seismikkskip for Norfield Offshore og ein brønnbåt til Norsk Fiskeindustri. Nyleg signerte også verftet ein ny kontrakt med Havyard om å byggje skroga til tre russiske isbrytande offshorefartøy, der det eine skroget truleg skal byggast ved naboverftet Tersan.

Dei fleste av Cemre-skroga vert slepte til Havyard Leirvik og ferdiggjorde der. Men Cemre-leiinga ønskjer å gjere meir av arbeidet ved eige verft.

- Vi har levert over 31 skrog til Havyard, og har fire nye under bygging. Etter kvart håpar vi å levere fleire ferdig utrusta skip, seier direktør Kavala.

Mellom dei siste skroga som har vorte slept heile vegen frå Cemre til Havyard Leirvik er offshoreskipa Polarsyssel til islandske Fafnir Offshore, African Inspirator til nigerianske Marine Platforms og Olympus til indiske Global Offshore.

- Vi har ingen fast avtale med Havyard, men vi er klare til å byggje mykje meir for selskapet, seier Sinan Kavale.

Store investeringar
Verftet har vaksa kraftig siste åra, etter at ein etablerte seg på Yalova-sida i 2007. Ein starta med 20.000 kvadratmeter. No er ein oppe i 135.000 kvadratmeter, fordelt på to område. Det er bygt ei rekkje nye hallar.

- Eigarane har investert over 30 millionar Euro på å byggje ut verftet. Dette hadde vi ikkje gjort om det ikkje var for alle oppdraga med Norge, seier Kavala.

M. Ytterstad klar for overlevering
Ved naboverftet Besiktas er den nye ringotsnurparen M. Ytterstad til Ytterstad Havfiske i Lødingen straks klar for overlevering. Også denne båten er ferdig utrusta ved verftet, og er eit prestisjeprosjekt for verftet.

Den 74,8 meter lange snurparen er utrusta til å kunne utføre supply- og forskingsoppdrag, i tillegg til fiske.

- Det er denne type spesialskip vi satar stadig meir på, seier direktør Murat Bener.

Samstundes er skrogbygginga så vidt starta på ein brønnbåt til det nye norske brønnbåtelskapet Intership.

Kjøpte naboverftet
Eigarane av Besiktas har nyleg dobla kapasiteten ved å kjøpe naboverftet. No disponerer ein eit verftsområde på 180.000 kvadratmeter, og det er satsa stort på nye hallar og nytt utstyr.

- Dette har vi gjort for å spesialisere oss til å byggje nøkkelferdige skip, men også fordi vi trur på mange nye kontrakter frå Norge, seier Murat Bener.

Verftet er også i gang med ein serie på fire offshoreskip til eit selskap på Færøyane. Skroga av Thor Freya, Thor Frigg, Thor Modi og Thor Magni ligg på rekkje og rad på dokkområdet. Skipa skal alle i oppdrag for norske PGS, dei er designa av Skipsteknisk og skal overleverast nøkkelferdige i januar, mars, september og november neste år.

- Vi er glade for slike store seriekontrakter, men vi er også like interesserte i å byggje spesialdesigna enkeltskip. Vår styrke er at vi er fleksible, og vi har no eit anlegg som kan byggje skip opp til 140 meter lengde. Dette passar godt for ferjer, fiskebåtar og mindre offshorefartøy.

Vil byggje ferdige skip
På Tersan-verftet er ein godt i gang med skrogbygginga til den nye kombinerte autoline-og garnbåten Leinebris og eit 128 meter langt subsea- og konstruksjonsskip til Ålesund-selskapet Volstad Shipping. Skroga står side ved side.

Cemre Tyrkia magasin nettnohalf
VIL LEVERE FERDIGE SKIP: Målet til skipsverftet Cemre er å levere ferdige skip, ikkje berre skrog. Foto: Kjetil Haanes

I motsetning til Cemre–verftet, har ein ved Tersan kome langt med å byggje nøkkelferdige skip. Både nye Leinebris og det nye offshorefartøyet til Volstad skal gjerast heilt ferdig ved verftet. Kontraktssummen på Volstad-skipet er opplyst til rundt 800 millionar kroner, og vert sett på som ein test på dei tyrkiske verfta kan byggje slike avanserte skip.

Verftet er også i gang med bygging av ein 80 meter lang trålar til grønlandske Sikuaq, ein 60 meter lang trålar til russiske Andeg og brønnbåten Hans À Bakka for færøyiske Bakkafrost.

- Det er nordmennene som har opna opp for at reiarar frå Island, Færøyane og Russland har kome til oss, seier verftsdirektør Mehmet Gazioglu.

Han seier at det er ein heilt klar strategi frå verftet si side å byggje nøkkelferdige skip.

- Vi er skipsbyggarar, og vi ønskjer å vere eit fullverdig skipsverft. Vi ønskjer å kome oss vidare som skipsbyggingsnasjon. Dermed må vi også byggje heile skipet, og ikkje berre skroget.

Planlegg nytt verft
Tersan er av dei yngste verfta, og første skipet vart levert i 2002. Då hadde ein verft på Tuzla-sida. I 2008 flytta ein nybyggingsaktiviteten til Yalova, og utviklinga har skote fart.

Første norske båten som var bygt var autolinebåten Frøyanes i 2011. Etterpå har det gått slag i slag med norske fartøy.

Verftsområdet er no på 220.000 kvadratmeter, og ein har i tillegg to store flytedokker.

- Vi byggjer oss gradvis opp. Vårt mål er å byggje eit skipsverft som vil vare i mange år, seier Mehmet Gazoglu, som sjølv er ein av dei fem eigarane.

Aksjonærane vurderer no også å byggje eit verft ved Cheyhan på grensa inn mot Syria.

- Dette vert eit anna type veft, som også er tenkt å vere reperasjonsverft for tankskip og riggar, seier han.

Publisert: 25.11.2014 06:30

Sist oppdatert: 13.11.2023 10:13