Satsar stort aaleine
HEILTID: Karl Frode Slettedal satsar som heiltidsbonde, og har investert 10 millionar kroner i nytt fjøs. Meir enn doblar mjøkeproduksjonen.
Nytt

Satsar stort - åleine

Samdrift er ut. No er det storsatsing på eiga hand som er trenden i jordbruket.

20.04.2016
I Slettedalen, ein sidedal til Bondalen i Ørsta, har Karl Frode Slettedal bygd nytt fjøs, til ti millionar kroner. Rett etter årskiftet flytta buskapen inn.
Til skilnad frå dei to andre store fjøsa i Bondalen, som begge er samdrifter, eigd og drivne av fleire bønder i fellesskap, satsar Slettedal åleine.
Fjøset er hans, og det er heile buskapen og.
Skulle han gått inn i ei samdrift med den buskapen han hadde før han bygde nytt ville det uansett blitt snakk om deltidsbruk. Slettedal vil vere bonde på heiltid, og då måtte han drive større.

Slutt med samdrift

Slettedal er typisk blant bøndene som investeres no, seier Bjarne Øygard i Innovasjon Noreg i Møre og Romsdal. Det er praktisk talt slutt på bygging av samdriftsfjøs. Dei som satsar, satsar stort på eiga hand.

Det heng blant anna saman med at reglane for kor stor mjølkekvote som kan samlast på ei hand er endra. Grensa er heva til 900.000 liter i året, og det er ikkje lenger skilnad på samdrifter og einskildbønder. Dermed er eitt viktig argument for å å gå saman i samdrift og bygge fellesfjøs borte.

Byggjer som før

Investeringsvilje blant bøndene fekk seg ein knekk etter ein dårlege fôrhaust i 2013. Med Sylvi Listhaug (Frp) sitt inntog i landsbruksdepartementet i tillegg var det mange som sette seg på gjerdet, i følgje dagleg leiar Sigbjørn Kirkeeide i Fjøssystemer Nordvest på Nordfjordeid.
Året etter kom investeringsviljen attende.
- Sylvi viste seg å ikkje vere så farleg som mange trudde, sier Kirkeeide.
No er det stor byggelyst.
- Jamt over trur eg investeringsviljen er stor, spesielt blant dei yngre som har bestemt seg for å vere med, seier han.

Maskiner gjer jobben

Dei første fjorten dagane var strevsame i nyefjøsen, fortel Slettedal. Kyrne var ikkje vane med korkje lausdrift (går fritt omkring) eller mjølkerobot (maskin som vaskar juret, set på sugekoppar og mjølkar heilt av seg sjølv). Men etter nokre dager med så høglytt rauting at Slettedal tok hørselvern på hadde dyra etablert ei rangordning seg i mellom. No er det stille og roleg. Eit par dager med dytting og draging måtte også til for å få mjøkekyrne til å bruke roboten og, men no går det av seg sjølv og kyrne mjølkar tre gongar i døgnet, som er meir enn før.
Sett på spissen kan Slettedal la dyra i fjøsen nesten styre seg sjølv og nøye seg med å arbeidet frå kontrollromet. Han må fylle på med silo, halm og høy i fôrromet kvar tredje dag. Ein robot leverer ut høy og halm til dei som skal ha det, og silo til dei som skal ha det - i passe porsjonar. Ein annan feiar golvet for møkk. Det einaste manuelle arbeidet Slettedal må gjere i fjøset er å halde reint hos kalvar og oksar.

Er han ute pip telefonen når noko er gale.

Nedbetalt på 20 år

Investeringa til Slettedal gjer at han har ein gard som han meiner gir grunnlag for å drive som bonde på heiltid.
I dag har han 43 mjølkekyr og i tillegg over 60 kalvar, kviger og oksar. Årsproduksjonen er rundt 320.000 liter mjølk i året. Målet er å kjøpe meir mjølkekvotar og nå ein årsproduksjon på 450.000 liter i året. Mjølkeproduksjonen i Noreg er kvoteregulert, og Slettedal reknar med å måtte ut med rundt ein halv million kroner for å kjøpe den ekstra mjølkekvoten han er ute etter.
Den halve millioner kjem på toppen av dei rundt 8,5 millionane Slettedal har lånt for å finansiere fjøsen (resten er tilskot frå Innovasjon Noreg).
Nedbetalingstida er 20 år. Ingen einskild bonde i Ørsta har maken til fjøs, men investeringa gjer også Slettedal til kommunens mest gjeldstunge bonde.
- Det vil eg trur eg er. Eg prøver å tenkje minst mogleg på det, ler Slettedal.

Slår vidt og breitt

Då han overtok familiegarden driv han først to år i gamlefjøsen. Då han flytta inn i ny fjøs omlag dobla han mjølkeproduksjonen.
Fleire dyr gjer og at han må ha meir fôr, og Slettedal har avtalar om å slå åtte-ni gardar, i Bondalen, Åmdalen og Follestaddalen, i tillegg til sin eigen.

Publisert: 20.04.2016 06:00

Sist oppdatert: 07.03.2024 21:57

Mer om