Seier nei til lukka sjoemerd satsing
OPPDRETT: Marad Norway har fått avslag på søknaden om utviklingsløyve for den lukak sjømerd-løysinga Torus Seafarm.
Nytt

Seier nei til lukka sjømerd-satsing

Fiskeridirektoratet meiner at den lukka sjømerda Torus Seafarm ikkje oppfyller krava til betydeleg innovasjon.

14.01.2020
Fiskerdirektoratet har avslått søknaden frå Herøy-selskapet Marad Norway om to utviklingsløyve for det lukka sjømerd-konseptet Torus Seafarm. Den eine søknaden galdt eit anlegg på 7.600 kubikkmeter, den andre på 15.600 kubikkmeter.
Avslaget kjem berre få dagar etter at viseadministrerande direktør Glen Bradley i Rostein opplyste at han stod i spissen for ei gruppe investorar som har kjøpt 50,1 prosent av aksjane i Marad Norway.
Kjøpet vart gjort gjennom selskapet Salmoseed, der Bradley eig 50,1 prosent av aksjane. I tillegg til Bradley er Salmonseed eigd av ei gruppe Rostein-tilsette, Bjørn-Vegard Løvik, Inge Huses familieselskap Torion og Rostein-eigde Larsnes Mek. Verksted.
Før emisjonen var Marad Norway eigd av Bjørn Ove Endresen, Aasmund Torvik og Geir Sandnes.

Stålkonstruksjon

Ettersom Fiskeridirektorat har sagt nei, må Bradley og dei andre aktørane finne nye vegar for å utvikle den lukka sjømerda.
Torus Seafarm skulle byggjast i stål av skipskvalitet, og målet var at løysinga skulle dekke merdbehovet i sjø frå smolt til slakteklar fisk.
På toppen av anlegget var det planlagt eit dekkshus som skulle romme alle funksjonar, medan landstraum i første fase skulle dekke energibehovet.

Har nyheitsverdi

I avslaget viser Fiskerdirektoratet til at Torus Seafarm skil seg frå tilgjengeleg kommersiell teknologi, og at konseptet difor har nyheitsverdi.
Derimot har direktoratet landa på at søkar ikkje har klart å godtgjere i tilstrekkeleg grad at konseptet kan realiserast.
Blant anna vert det vist til behov for betre dokumentasjon rundt desifinsering og behandling av sjøvatn, samt systemet for oppsamling av partiklar og død fisk.
I søknaden blir det også vist til at senterkjerna i det lukka Torus-konseptet vil sikre oppdrift dersom ytre tilhøve øydelegg skroget. Direktoratet meiner at det ikkje er tilstrekkeleg godtgjort at merda vil halde seg flytande om det går hol i ytterskroget.
Etter ei heilheitsvurdering meiner difor Fiskeridirektoratet at det omsøkte prosjektet ikkje oppfyller kravet til betydeleg innovasjon, som er ein føresetnad for å få utviklingsløyve.
Ordninga med utviklingsløyve vart innført i 2015, og avsluutta 17. november 2017.

Må anke innan tre veker

Ordninga kan gi særskilt løyve til prosjekt som inneber betydeleg innovasjon og betydelege investeringar. Formålet er å leggje til rette for utvikling av teknologi som kan bidra til å løyse ei eller fleire av de miljø- og arealutfordringane som akvakulturnæringa står overfor, for eksempel ved konstruksjon av prototyper og testanlegg, industriell design, utstyrsinstallasjon og fullskala prøveproduksjon.
Teknologien som blir utvikla i prosjekta skal delast slik at den kjem heile næringa til gode.
Marad Norway er eitt av dei siste selskapa som har fått behandla søknaden, og går inn i ei lang rekkje av selskap som har fått avslag.
Avgjersla kan påklagast innan tre veker.

Publisert: 14.01.2020 10:23

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:31