Sel fisk fraa Lofoten til Asia
ÅLESUND: Fleire fiskeriselskap held til i Molovegen 24, inkludert Premier Seafood.
Nytt

Sel fisk frå Lofoten til Asia

34-60-218-371. Dette er omsetningstala for Premier Seafood sidan starten i 2012. Alexander Langø trur på vidare auke. 

24.05.2016
- Ja det ser bra ut. Fiskeprisane er gode og volumet ser også ut til å auke.
Langø hoppa i 2012 av som salssjef for Norway Pelagic i Ålesund. Før det var han i fem år salssjef i London for russisk-eigde Ocean Trawlers.
No eig og driv Langø frå Molovegen i Ålesund. Mykje av fisken vert seld for Lofoten Viking i Værøy.
- Eit svært viktig samarbeid for oss, seier Langø.

Kina og Japan

Mykje av fisken vert send til Kina for vidarebearbeiding.
- Mykje går vidare til Japan, seier Langø.
Selskapet har to representasjonskontor i Kina, lokaliserte i Tianjin og Qingdao. Her har Premier Seafood eigne kontrollørar.
- Lokal representasjon i dei sentrala markeda er svært viktig for oss, og gir ekstra sikkerheit for våre kundar.

Pressa marginar

I tillegg har Premier Seafood etablert eit eige dotterselskap i hollandske Utrecht, slik at ein har direkte tilgang til EU.
Premier Seafood starta med pelagisk fisk, men sel no også mykje torsk, hyse og annan kvitfisk. Selskapet sel også rogn.
Sjølv om omsetninga auka med heile 153 millionar kroner frå 2014 til 2015, gjekk resultatet før skatt berre opp frå 3,3 til 4,7 millionar kroner.
- Det er slik det er i denne bransjen. Det er høge omsetningstal, men pressa marginar, seier Langø.
Det er slik det er i denne bransjen. Det er høge omsetningstal, men pressa marginar

Publisert: 24.05.2016 09:48

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:56