Stokke-konsernet fekk i fjor sitt første underskot sidan 2002 i fjor, og eigarselskapet Nmxh fekk sitt første minus sidan 2014. Begge selskapa har forretningsadresse i Ålesund.
Trass i det raskt vart tatt tak, og produktet kalla attende, påførte kvalitetsproblemet på eit ikkje namngitt produkt selskapet eit tap på 35 millionar kroner.
Ny fart
Nedturen i starten varte ikke ut heile 2024.
Lanseringa av ei ny barnevognmodell kosta, men då den kom på marknaden var den med på å gi Stokke ny fart i salet og gjorde at selskapet fekk eit kraftig comeback i slutten av 2024, ifølgje åprsmeldinga.
I år byggje har selskapet auka marknadsføringsinnsatsen for å bygge på momentument i 4. kvartal i fjor, heiter det årsmeldinga.
Målet er dobling
I vår skreiv Nett No om ei av dei største lanseringane frå Stokke på fleire år, ein barnestol med både vippe og svingfunksjon.
Martha Jørgenvåg ved hovudkontoret til Stokke i Ålesund fortalde at stolen er laga for å både aktivisere, og å roe barnet ved at dei nyttar kroppen til å bevege seg.
– Målet vårt er å doble omsetninga til Stokke innan 2029. Det krev både innovasjon og at vi får halde på dei flinke folka vi allereie har, seier Hugo Ulstein som leiar det kommersielle arbeidet i konsernet med tittelen «chief commercial officer», til Nett No i desember i fjor.
| Stokke as (konsern) | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 3150,9 | 3516,9 |
| Driftsresultat | 216,5 | 478,7 |
| Resultat før skatt | -47,6 | 207,9 |
| Nmxh as (konsern) | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 3150,9 | 351,9 |
| Driftsresultat | 113,4 | 375,1 |
| Resultat før skatt | -154,5 | 85,7 |
Publisert: 11.08.2025 12:35
Sist oppdatert: 11.08.2025 12:35






