Lapoint Travel Hoddevik foto Marius Rosbach
VIL SELJE: Etter å ha dreve surfepensjonat på Hoddevik-eigedommen i meir enn ti år, vil selskapet konsentrere seg om sin andre eigedom i surfebygda, ifølgje meklaren. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Sel surfepensjonat på Stad

Fleire har vore interesserte i eigedomen med ei prisantyding på 4,9 millionar.

Marius Rosbach
07.11.2022

Eigedommen Hoddevikvegen 625 på Stadlandet er lagt ut for sal med ei prisantyding på 4,9 millionar kroner.

Meklar Henriette Holter opplyser til NETT NO at det har vore interesse kring eigedommen, men ikkje noko bud som har vore høge nok til at seljar har vurdert å slå til.

- Difor forsøker vi litt til, seier ho.

Seljaren er selskapet BF Propterty, som er eit dotterselskap til Lapoint Travel som held til i surfebygda. Sunnmørsposten omtalte først at eigedomen var til sals.

Vil utvikla anna eigedom
Konsernet har arrangert surfekurs og ulike aktivitetsreiser, mellom anna med base i Hoddevik. Ifølgje meklaren har Lapoint-drivarane opplyst at dei i staden vil utvikle ein anna eigedom dei har i Hoddevik-bygda.

Pensjonatet som no er til sals, ligg på flata nokre hundre meter frå stranda som er kjent for sine gode surfebølgjer. I tillegg til hovudhus, er det eit sanitærbygg med garderober og innreia 2. etasje.

I følgje salsoppgåva er det behov for betydeleg oppgradering for å tilsfredsstille dagens standard.


Har fusjonert inn i Bærum-selskap
Selskapet Lapoint Travels tok over eigedomen i 2008,og har dreve Lapoint Surfecamp på staden sidan.

Under koronapandemien fekk Stad-bedrifta sine første underskot i 2019 og 2020. I fjor var lønnsemda tilbake med eit resultat før skatt på 4,4 millionar frå ei omsetinng på knappe 45 millionar kroner.

Nyleg er selskapet fusjonert inn i (Nye) Lapoint Travels med adresse på Høvik i Bærum. Dette selskapet er igjen eigd av Lapoint Holding med fleire av dei sama eigarane som tidlegare.

Publisert: 07.11.2022 14:00

Sist oppdatert: 07.11.2022 14:04