Boelgje av surfebedrifter
FØRSTE ARBEIDSDAG: Ola Huus Ervik (t.h.) på sin første arbeidsdag hos Calle Magnusson i Ervik Surfshop. 
Nytt

Bølgje av surfebedrifter

Stadlandet er for alvor sett på kartet i surfemiljøet. I kjølvatnet er det etablert ei rekke nye verksemder.  

Marius Rosbach
05.07.2020

Hoddevika Strandcamping ligg på ei av dei vakraste strendene på Vestlandet, men det er i stor grad bølgjene som trekk besøkande hit. Anne Ragnhild Hoddevik har travle dagar med å drifte campinga ho starta saman med mannen på 1990-talet.

nettnohalf

– Vi har rikeleg med besøk, og meir besøk no enn tidlegare til å vere så tidleg på sommaren, fortel ho til NETT NO.

– Mange hyggelege folk
Anne Ragnhild Hoddevik får hjelp av familien til å ta seg av dei stadig fleire gjestane som kjem. Det er dottera som er dagleg leiar i bedrifta. Då NETT NO er på besøk, har ho hjelp av eit barnebarn.

– Eg synest arbeidet er kjempekjekt og eg møter mange hyggelege menneske, seier ho.

«Pensjonisten» likar og jobbe med folk og har vore lærar gjennom fire tiår.

nettnohalf

Ved sidan av telta ligg surfebrett og våtdrakter. Dei fleste gjestane er på jakt etter bølgjene som bryt langs den kvite stranda. Mange av dei besøkande er unge vaksne frå Austlandet, men det er også eit stort innslag av barnefamiliar. Det løner seg å bestille på førehand om du skal vere sikra plass.

Hoddevik fortel at campingdrifta knapt er eit levebrød, men ei grei inntekt sommarmånadene. Om vinteren er det langt mindre besøk, sjølv om det er då dei beste surfebølgjene kjem.

- Lite løn og mykje jobb
Om lag fire kilometer unna i luftlinje, men to mil langs svingete vegar, ligg Ervik Surfshop. Det ser mest ut som ein liten bod ved sida av Joker-butikken som Ervik-konsernet eig vegg-i-vegg, men det er i løpet av nokre år blitt levebrødet til en tidlegare Stockholms-redaktør.

nettnohalf

– Vi er små, men vi har gått ganske bra i pluss «kvarje år», fortel Calle Magnusson til NETT NO

Svensken er no dagleg leiar i det som er ein av dei få – og kanskje den einaste - surfebutikken i landsdelen. I fjor hadde dei drygt 700.000 kroner i omsetning, og leverte ein driftsmargin på meir enn ti prosent.

– Gjennom lite løn og mykje jobb har vi bygd oss opp slik at vi faktisk er blitt til ei bedrift, fortel Magnusson.

Då NETT NO er innom, er butikken sin første tilsette, Ola Huus Ervik, på plass for sin første arbeidsdag. Saman med ein anna lokal surfar, har han om lag halv stilling i butikken i sommar. I tillegg er han nærast sjølvsagt – surfeinstruktør.

Kraftig auke i besøket
Calle Magnusson fortel at interessa for surfing er eksplosjonsarta. Det gir inntekt til både overnattingsstader, utstyrsutleigarar og instruktørar.

– Surfing har blitt ein sommarvariant av å ta skikurs for mange familiar, meiner han - og er overtydd om at Stad berre vil få fleire surfeturistar framover.

– I dei fem åra vi har hatt butikken, så meiner eg talet på tilreisande surfarar blitt tredobla. Og i år ser vi ei endå meir tydeleg auke. Sjølv om vi mister mykje utanlandsk besøk denne sesongen, så har vi ei utruleg auke med norske turistar, fortel han.

Framvekst av nye bedrifter
Etter kvart er det nokre år sidan dei første surfarane flytta til Stad, og blei «integrert i lokalsamfunnet», som Calle seier. Og surfemiljøet har gitt ringverknader i næringslivet.

nettnohalf

Sidan den første bedrifta blei starta av ein surfar i Hoddevika for snart 20 år sidan, har det vekst fram eit titals bedrifter i kjølvatnet.

– Mange jobbar her på Stad fordi det er surf her. Det er folk som likar plassen og mange har skapt eigne arbeidsplassar, fortel Magnusson.

Byggefirmaet Bølgen Bygg, det kreative samarbeidet Saltnwax og kontorfellesskapet Beachday er berre nokre døme.

Omsett for titals millionar
I Hoddevik er det fleire overnattingsplassar enn campingplassen å velje mellom. Den næraste er på Stadsurfing som held til i eit kvitmåla hus med blå lister.

I huset kalla Strandro kan du overnatte, bestille steinbakt pizza i bakhagen, og tvers over gata kan du ta yogatimar. Og sjølvsagt kan du leige, eller kjøpe surfeutstyr, eller ta surfekurs. Få meter lengre opp i vegen ligg Akka Surf som også byr på overnatting og kurs.

Lengre inn på flata i Hoddevik ligg Lapoint som har vekse til å bli eit konsern. Selskapet blei starta i 2005 av surfarar som ville gi andre gode opplevingar med surf og camplivet.

nettnohalf

No har dei kring 30 sengeplassar i to villaer – Innsikten og Utsikten. Storparten av inntektene kjem frå gruppereiser til mellom anna Portugal og Marokko, med eigne reisepakkar med surfe- og yogakurs for studentar og bedrifter.

Dei siste åra har Lapoint omsett for meir enn 50 millionar kroner, og hadde 40 årsverk i arbeid i verksemda, ifølgje årberetninga for 2018.

Meir profesjonalisert
Saman med Joker-butikken utgjer Ervik Surfshop-en til Calle Magnusson eit mini-kjøpesenter nokre kilometer før ein kjem til sjølve Ervik-bygda. Ervik Havfiske er også ein av sponsorane i ein anna syssel Calle har, kalla for skulesurf.

nettnohalf

– På femte året har vi gratis skulesurf for alle ungdomsskuleelevane i kommunen. Det er både surfekurs og symjeopplæring i havet, fortel han.

Veksten i miljøet har også ført til at instruktørar og kurs har blitt meir profesjonalisert, og ein har drege kvarandre opp ved å sertifisere seg via det internasjonale surfeforbundet.

Meir kamp om bølgjene
Magnusson meiner at veksten ikkje er eit problem, men at det gir utfordringar for infrastrukturen med mer folk generelt på Stadland om sommaren.

Når det kjem til kampen om sjølve surfebølgjene er han derimot meir usikker:

– Det blir jo meir folk i vatnet og skaderisikoen auker. I Hoddevik er det av og til kaos i bølgjene. Derfor vil jeg oppmode alle som ikkje har prøvd surfing før, om å ta eit kurs med ein profesjonell instruktør for å lære sikkerheit i vatnet, seier han.


Mange jobbar her på Stad fordi det er surf her. Det er folk som likar plassen og mange har skapt eigne arbeidsplassar

Publisert: 05.07.2020 05:55

Sist oppdatert: 29.04.2023 20:06