Selde den sikraste inntektskjelda
BÅTSAL: Åge Remøy og familien selde fiskebåten Hopen, som i fjor tente 126 millionar kroner, og leverte eit resultat før skatt på 34 millionar.
Nytt

Selde den sikraste inntektskjelda

Familieselskapet til Åge Remøy tapte på offshore og tente på fiskeri i fjor. Likevel var det reke- og fabrikkskipet Hopen som vart seld.

10.08.2016
Kjøpar av den tre år gamle reke- og kvitfisktrålaren var Remøy Havfiske ved Olav Remøy og søstrene Kristin Remøy og Beate Remøy Eggesbø.
Pengane for salet kjem på konto 2. eller 3. januar neste år, og salet vart gjort for å sikre ei krigskasse for å berge kontrollen over Rem Offshore.

Det siste lukkast ikkje Åge Remøy med ettersom Rem vart fusjonert med Solstad/Aker.
Familien har samla investeringane i familieselskapet Barentz, der Åge Remøy eig 10 prosent, medan resten er likt fordelt mellom Jørn Remøy, Maria Remøy Aurvåg, Åse Marie Remøy og Fredrik Remøy. Åge Remøy har derimot alle A-aksjane, som gir stemmerett.
I fjor fekk selskapet eit resultat før skatt på minus 134 millionar kroner, mot pluss 359 millionar året før. Driftsesultatet enda derimot på pluss med 326 millionar, men rente og finanskostnader slukte dette.

Må vente på oppturen

Det var offshore som drog ned, der Barentz sat med 77,8 prosent av Rem Offshore.
I årsmeldinga er ikkje styret særleg optimistisk dei neste to-tre åra for offshorebransjen, og forventar at det vil gå så lang tid før ein på nytt er oppe på eit berekraftig nivå.
Her vert det spesielt vist til redusert leiteaktivitet, utsette feltutbyggingar, mange skip i opplag og stor kamp om kontraktane der mange sluttar kontraktar som gir mindre inntrening enn driftskostnadene.

Godea fiskeriinntekter

Selskapet tok 143 millionar kroner i nedskriving av skipsverdiar i fjor. I tillegg kjem 21 millionar i Rem Star, som ligg i opplag på Moltu. Denne PSV-en eig selskapet 35 prosent av.
Medan inntektene i offshore gjekk ned frå 1507 til 1335 millionar kroner, auka fiskebåten Hopen inntektene frå 96 til 126 millionar kroner. Resultatet før skatt vart solide 34,5 millionar kroner.
Selskapet hadde ved årsskiftet 786 millionar kroner i likvide midlar. Samla gjeld var på 5,4 milliardar kroner.

Publisert: 10.08.2016 13:48

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:59