Platina Seafood, André Skarbø
NY VEKST: Eigar og dagleg leiar André Skarbø og dei andre tilsette i Platina Seafood hadde eit nytt godt år i fjor. Foto: Platina Seafood
Nytt

Selde fisk for nær 900 mill. per årsverk

Nytt inntektshopp for Platina Seafood, men utbytte vart halvert.

Marius Rosbach
17.08.2023

Årsmeldinga til Platina Seafood i Stranda viser at omsetninga steig til nye høgder i fjor. Med god betaling for fisken gjennom fjoråret, passerte omsetninga to milliardar for første gong med solid margin.

Inntektene enda på drygt 2,6 milliardar, ei auke på kring 700 millionar kroner frå året før.

Det betyr at Platina Seafood selde fisk for om lag 870 millionar kroner for kvart av de tre årsverka i selskapet – noko styret seier seg svært nøgd med.

Eit overskot før skatt på meir enn 37 millionar kroner, er på nivå med 2021, som betyr at lønnsemda vart litt svekka i fjor (sjå tabell under). Resultatmarginen enda på 1,5 prosent.

Platina Seafood
Årsresultat (i mill kr)
2022
2021
Driftsinntekter
2.624
1.911
Driftsresultat
26,3
31,4
Resultat før skatt
37,2
37,3

Solide lønner
Selskapet der dagleg leiar André Skarbø er eineeigar, driv eksport av laks og aure, i tillegg til at dei driv leigeproduksjon som blir seld under eige varemerke. Europa er den største marknaden for fisken deira.

Samla lønnskostnader og andre ytingar til dei tre årsverka i selskapet er på om lag 4,8 millionar kroner, som gir ei snittløn på kring 1,6 millionar kroner.

Leiarlønna til Skarbø ligg i overkant av dette med lønn og andre ytingar på drygt 1,9 millionar kroner.

Meir enn halvering av utbytte
Årsmeldinga viser at det vart rom for solid utbytte også etter fjoråret. Selskapet betalte utbytte på 26 millionar, som likevel er ein halvering frå året før.

Eigenkapitalen i selskapet var på drygt 74 millionar kroner ved utløpet av 2022 og selskapet har ikkje langsiktig gjeld.

Skarbø eig også morselskapet Asinvest, men rekneskapen for dette selskapet er ikkje offentleg enno.

Ventar lågare omsetning og overskot i år
Aktiviteten i år har vore på linje med fjoråret, men det er venta at omsetninga og overskot vert litt mindre enn i 2022.

Råvareprisane er framleis venta å vere høge både for laks og aure, skriv styret i årsmeldinga.

Selskapet vart etablert som Norsk Sjømat Trading i 2005, og den gong deleigd av Norsk Sjømat. I 2011 kjøpte Skarbø ut Norsk Sjømat og overtok heile selskapet.

NETT NO fekk torsdag ikkje kontakt med dagleg leiar André Skarbø for å stille spørsmål kring rekneskapen.

Publisert: 17.08.2023 16:07

Sist oppdatert: 17.08.2023 21:06

Mer om