Platina Seafood, André Skarbø
RAKETTVEKST: Etter at André Skrabø blei eineeigar i 2011 har Platina Seafood gått frå 75 millionar kroner til 1,9 milliardar kroner i driftsinntekter. Foto: Platina Seafood
Nytt

Kjempeutbyte for lakseeksportør

Betre marginar for milliardbedrifta som auka omsetninga med meir enn 50 millionar – per tilsett.

Marius Rosbach
23.08.2022

Platina Seafood i Stranda driv eksport av laks og aure, og baserer seg på leigeproduksjon som blir seld under eige varemerke.

Rekneskapen for 2021 viser at omsetninga steig til nye høgder og at drifta vart meir lønnsam enn året før. Med nok ei auke i inntektene på kring 190 millionar, er selskapet på god veg til å bryte to-milliardargrensa om veksten held fram.

I fjor stoppa omsetninga på drygt 1,9 milliardar – ny rekord for selskapet der dagleg leiar André Skarbø er eineeigar. Det betyr at selskapet i fjor omsette for kring 635 millionar for kvart av dei tre årsverka.

Betre lønnsemd enn året før
Årsrapporten viser eit resultat før skatt på 37,3 millionar (sjå tabell under). Fjoråret ga ein betre driftsmargin enn 2020, men litt lågare enn i åra 2018 og 2019.

Sett ut frå utfordringane med pandemien er selskapet godt nøgd med resultatet – og ikkje minst omsetninga i 2021, skriv styret i årsrapporten.

Platina Seafood
Årsresultat (i mill kr)
2021
2020
Driftsinntekter
1911
1720,6
Driftsresultat
31,4
20,6
Resultat før skatt
37,3
46,4

Skarbø har ikkje svart på spørsmål frå NETT NO om rekneskapen. Til lokalavisa Nyss fortalde Platina Seafood-sjefen mot slutten av fjoråret at den største auken i 2021 kom frå sal av nye produkt som laksepølser og lakseburgarar, og då hovudsakleg til USA.

Tresifra millionar i utbyte siste åra
Årsrapporten viser at Skarbø tok ut rekordstort utbyte etter fjoråret med 59 millionar kroner. Samla sidan 2016 har Platina Seafood sørga for eit utbytte til eigaren på kring 115 millionar.

Skarbø eig også selskapet Asinvest As, der det blei teke 12,2 millionar kroner i utbytte i 2020. Fjorårsrekneskapen for konsernselskapet er ikkje offentleg enno.

Selskapet vart etablert som Norsk Sjømat Trading i 2005, og den gong deleigd av Norsk Sjømat. I 2011 kjøpte Skarbø ut Norsk Sjømat og overtok heile selskapet.

Ventar lågare omsetning og resultat
I årsrapporten skriv styret at dei ventar framleis høge prisar på råstoff i 2022, og at aktiviteten ved starten av året har vore som i fjor.

For 2022-resultatet ventar styret ei lågare omsetning og overskot, heiter det i rekneskapen datert i slutten av juni.

Eigenkapitalen i eksportselskapet var på meir enn 74 millionar kroner ved utgangen av 2021. Samla gjeld auka gjennom fjoråret til 464 millionar.

Publisert: 23.08.2022 09:13

Sist oppdatert: 23.08.2022 09:39

Mer om