NTB I Jd3 KJC9 Fm8 1
PRISIMPORT: Senterpartiet meiner Høgre sin politikk vil bety at norske straumprisar løftar seg nærarare europeisk nivå. Illustrasjonsfoto: Annika Byrde / NTB / NPK
Nytt

Senterpartiet: Høgre ønskjer prissmitten på straum frå Europa velkommen

Kritisk til å auke overføringskapasiteten i straumnettet mellom Noreg og Danmark.

29.01.2024

(NPK-NTB-Peter Tálos): – Høgre viser sitt sanne ansikt i denne straumdebatten. Samtidig som dei ønskjer å auke prissmitten frå Europa, har dei sagt at dei vil innføre EUs fjerde energipakke, noko som vil vere å avstå meir suverenitet til EU. Samtidig vil dei selje seg ned i Statkraft, seier Gro-Anita Mykjåland (Sp) til NTB.

Stortingsrepresentanten frå Agder sit i energikomiteen på Stortinget og er Senterpartiets energipolitiske talsperson.

Etter at partileiaren hennar, og finansministeren i landet, Trygve Slagsvold Vedum før jul uttalte at partiet ikkje ville at dei to eldste straumkablane mellom Noreg og Danmark skulle fornyast når dei når teknisk levealder i 2026, har debatten gått.

Sist ut var Høgre som førre veke karakteriserte Vedum som populistisk og lettvint med dei bastante konklusjonane sine om å kutte i overføringskapasiteten til Danmark før ei fagleg vurdering låg føre.

– Eit vedhaldande sterkt samband til Danmark kan sikre oss billig straum frå danske og europeiske vindkraftverk når det blæs for fullt, noko som gjer at vi kan halde igjen vatn i magasina, sa mellom anna Nikolai Astrup i Høgre til NTB.

Eksporterte dobbelt så mykje
Mykjåland meiner at Høgres utspel illustrerer korleis partiet i Stortinget pressar på for å føre Noreg nærare Europa og EU i kraftpolitikken. På motsett side prøver Senterpartiet og fleire av opposisjonspartia å halde igjen. Også internt i Arbeidarpartiet er det ulike oppfatningar om Noreg bør auke overføringskapasiteten til Danmark.

I fjor eksporterte Noreg om lag dobbelt så mykje straum til Danmark som det vart importert, viser tal frå Statnett. Dette utgjorde 6 TWh av dei totalt 17,9 TWh, eller ganske nøyaktig ein tredel, som utgjorde den samla norske nettoeksporten.

Medan Høgre skuldar finansminister Trygve Slagsvold Vedum for å vere populistisk i debatten om å fornye to av fire straumkablar mellom Noreg og Danmark, svarer no Senterpartiet at Høgre prøver å utvide overføringskapasitet for norsk straum utan at det er dekning for det.

Dårleg minne
– Høgre prøver å utnytte eit dårleg minne for å knyte Noreg endå meir opp til den europeiske straummarknaden, seier Mykjåland.

Ho viser til at kablane som no blir for gamle i 2026, allereie i 2014 fekk erstatninga si då ein ny sjøkabel, Skagerrak 4-sambandet, vart lagd. Medan dei to eldste kablane til saman har ein overføringskapasitet på 550 MW, har dei to nyare ein samla kapasitet på 1140 MW.

– Ei erstatning for dei to gamle kablane er allereie bygd. Dersom vi no skal byggje ut meir enn det som har vore planlagt, og med det vi no veit om prissmitte frå utlandet, så vil dette kunne påverke prisane i Noreg endå meir, seier Mykjåland.

Vurderer likevel nye kablar
Uavhengig av den politiske debatten varsla Statnett i oktober at dei, i samarbeid med danske Energinett, har starta eit felles prosjekt for å sjå på tekniske løysingar dersom kablane skal moderniserast.

Der blir det understreka at Skagerrak-sambandet, som han heiter, er svært viktig for balanseringa i det nordiske kraftsystemet.

– Arbeida er i ein svært tidleg fase, og det vil ta tid før eit løysingsval kan vedtakast, skriv Statnett i brevet til NVE.

Publisert: 29.01.2024 06:11

Sist oppdatert: 29.01.2024 08:42

Mer om