Geir Inge Lien foto Sp
KLART FLEIRTAL: Framlegget om å fjerne normprisrådet for oppdrettsnæringa fekk klart fleirtal på Senterpartiet sitt landsmøte i helga seier stortingrepresentant Geir Inge Lien. Foto: Senterpartiet
Nytt

Senterpartiet snudde om omstridd prisråd

Ligg an til fleirtal på Stortinget for å fjerne prisrådet for oppdrettsnæringa.

30.03.2025

I samband med innføring av grunnrenteskatt - ein ekstraskatt på oppdrettsnæringa - vart det avgjort at prisen det skattepliktig overskotet skal reknast frå ikkje skulle vere kva oppdrettarane faktisk fekk betalt for laksen dei selde. I staden skulle prisen fastsettast av eit råd, kalla normprisrådet.

Ideen om å bruke eit normprisråd har fått kritikk frå oppdrettsnæringa, både for å vere tungvint og byråkratisk, men også fordi oppdrettane risikerer å måtte betale skatt berekna av ein pris selskapa aldri har oppnådd. Normprisråd-ordinga gjer det også vansklegare å selje fisk på kontrakt, til faste prisar.

På landsmøtet i Haugesund i helga fekk eit framlegg frå Nordland Senterparti fleirtal. Det betyr kort fortalt at partiet no vil "Fjerne normprisrådet for havbruksnæringa.".

Skifta meining
Då finanskomiteen i Stortinget i førre veke handsama eit framlegg frå Høgre om å fjerne normprisrådet var Senterparitet i mot, og alt låg an til at normprisrådet skulle overleve.

Men med Senterpartiet sin snuoperasjon ligg det an til eit politisk fleirtal for å fjerne normpris rådet, der Høgre, Frpm, Senterpartien og Venstre sikrar fleirtal for eit vedtakt som pålegg regjeringa å fjerne rådet.

Fiskeri- og havbrukspolitisk talsperson Olve Grotle i Høgre er godt fornøgd med at Senterpartiet ha skifta syn:

"Norsk havbruk skal nå som andre næringar ha ei skattlegging som er basert på faktisk salspris faktisk inntekt og faktisk verdi som selskapa oppnår. Det er på tide, og det er bra. Men måten dei partia som vedtok grunnrenteskatten har behandla havbruksnæringa vår, er ikkje bra.", skriv han i eit innlegg i NettNo.

Publisert: 30.03.2025 15:36

Sist oppdatert: 30.03.2025 15:55