Toeft men betre for I P Huse 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
STEINSHAMN: Dagleg leiar Morten Hopland og I. P. Huse skal satse meir på leveransar inn mot offshore vind. Foto: Ogne Øyehaug/Kristin Vidhammer
Nytt

Ser lysning etter fire tøffe år

No satsar Harøy-selskapet meir inn mot offshore vind.

26.07.2022

- 2021 blei prega av ujamn belastning, og lavare aktivitet enn forventa spesielt innanfor nye prosjekt.

- 2022 vil bli betre enn fjoråret, og utnyttinga av bedriftens kapasitet er god.

Det seier dagleg leiar Morten Hopland i I. P. Huse.

Selskapet har hovudbasen på Harøya, og har 87 tilsette. Lenge leverte selskapet årlege store overskot, spesielt på leveransar på kraner og vinsjer til offshoreindustrien. men så kom offshorenedturen, og siste fire åra har selskapet gått med tap.

I 2021 vart resultatet før skatt minus 14,5 millionar kroner, av ei omsetning på 158,3 millionar.

I.P. Huse
Årsresultat (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 158,3 190,4
Driftsresultat -18,8 -11,5
Resultat før skatt -14,5 -7,2

Offshore vind
Mykje av utstyret som selskapet produserer vert marknadsført og seld gjennom Kongsberg Maritime, men selskapet har også andre samarbeidspartnerar.

No skal det satsast meir på utstyr til offshore vind.

- Vi jobbar tett sammen med våre samarbeidspartnarar, og offshore vind er eitt av dei områda vi har tru på vil kome med aukande aktivitet for våre produkt framover.

- Vi har god aktivitet på service og ettermarknad, og jobbar med å utvide både kunde- og produktspekteret innanfor fleire område, seier Hopland.

I.P. Huse legg også til rette for utviding av anlegget på Steinshamna etter at selskapet inngjekk avtale med Møre og Romsdal fylkeskommune om å få 30.000 kubikkmeter stein frå tunellbygging på Harøya, i bytte mot å transportere steinen vekk.

Stor Nordøyveg-fest
Morten Hopland ser fram til at siste del av Nordøyvegen snart kan opnast.

- Nordøyvegen blir ei stor forbetring for regionen med omsyn på arbeidsmarknad og samfunnet generelt på alle Nordøyane som no blir knytte saman.

- Vi ser fram mot opning av Nordøyvegen den 27 august, som blir markert med storslagen familiefest på området til I. P. Huse på Steinshamn.

God økonomi
Trass tapa siste åra, har selskapet ein solid økonomi, med ein samla eigenkapital på 431,5 millionar kroner, og null i langsiktig gjeld.

Hovudaksjonærar er Paul Ingebrigt Huse og Maria Griffin Huse med kvar 27,2 prosent av aksjane. Inge P. Huse og Una Griffin Huse eig 17,4 prosent, Pål Huse 14,0 prosent, Marit Brubæk 8,0 prosent, Sverre Brubæk 3,0 prosent og Karoline Brubæk 3,0 prosent.

Publisert: 26.07.2022 11:35

Sist oppdatert: 07.11.2024 15:27

Mer om