Sydvestor frede uldbæk jostein sætrenes sigvald skeide 11
ULSTEINVIK: Frede Uldbæk (t.v), Jostein Sætrenes og Sigvald Skeide (sitjande) i Sydvestor. I februar overtok Sætrenes som dagleg leiar etter Uldbæk, som starta selskapet i 1998. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Ser lysning etter tredje året med tap

- Vi er sjølvsagt ikkje fornøgde med tala for 2021.

29.06.2022

Det seier dagleg leiar Jostein Sætrenes etter nok eit tungt år for investerings- og rådgivingsselskapet Sydvestor.

Ulstein-selskapet omsette for 8,2 millionar kroner i 2021, og hadde eit resultat før skatt på minus 3,2 millionar.

Dette er tredje året på rad med tap. Så seint som i 2017 hadde selskapet ei omsetning på 21,6 millionar, og eit resultat før skatt på solide 8,4 millionar.

- Vi har no fleire år på rad med raude tal og slik kan vi ikkje fortsette. Vi såg på slutten av fjoråret ein tendens til auka aktivitet og denne tendensen har forsterka seg inn i 2022, seier Sætrenes.

Sydvestor
Årsresultat (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 8,2 6,8
Driftsresultat -2,8 -2,5
Resultat før skatt -3,2 -2,9

Sjefsskifte
Selskapet har seks tilsette. I februar i år overtok Sætrenes som dagleg leiar etter Frede Uldbæk, som starta selskapet i 1998. Uldbæk held fram i ei rolle som rådgivar innafor verdipapirområdet og ein del utvalde prosjekt.

Sætrenes har hatt ansvaret for bedrifts- og prosjektfinansiering sidan han starta i Sydvestor i 2009, og har frå før erfaring frå leiande stillingar innanfor både shipping og bank/finans.

Bergen og Oslo
Selskapet har etablert kontor i Bergen, og Sætrenes seier at ein byrjar å merke effekten av satsinga.

- Vi satsar offensivt på å utvikle og utvide Sydvestor sin kapasitet vidare. Frå og med august vil vi også vere tilstades med eit team i Oslo. Som dei optimistane vi er har vi tru på at 2022 skal bli eit år med positive tal.

Vi har no fleire år på rad med raude tal og slik kan vi ikkje fortsette
Jostein Sætrenes

Betre for Shipinvest
Selskapet har ein samla eigenkapital på 17,8 millionar kroner, og ei langsiktig gjeld på 10,5 millionar.

Sydvestor er inne på eigarsida i selskapet Shipinvest. Her opplyser styret i årsmeldinga at Shipinvest utviklar seg positivt.

Publisert: 29.06.2022 05:00

Sist oppdatert: 29.06.2022 00:31

Mer om