Ser stort potensial for fiske og dyrefor
STORDAL: NorInsect i Stordal leiger lokaler frå Stordal kommune. Peder Stavdal Vikenes (til v.) og Harald Espeland har no full gass på å auka kolonien med insekter for å kunne ha tilstrekkeleg til volumproduksjon. 
Nytt

Ser stort potensial for fiske- og dyrefôr

Ambisjonen til NorInsect i Stordal er å vere oppe i kommersiell fullskalaproduksjon i 2019. 

Kristin Vidhammer
03.02.2018
NorInsect driv produksjon av mjølormar som på sikt skal bli protein til fiske- og dyrefôr.
- Vi har nettopp utvida lokala til 500 kvadratmeter, men skal auke dei til 1500 kvadratmeter. Vi oppskalerer insektkolonien slik at vi i neste omgong kan byrje å hauste av dette, seier dagleg leiar Peder Stavdal Vikenes og styreleiar Harald Espeland i NorInsect.
Frå larvane skal NorInsect produsere proteinmjøl og feitt. Dette er ingrediensar som kan gå inn i pellets til dømes, på lik linje med fiskemjøl og - olje.
NorInsect, som vart formelt stifta i desember 2015, har ei rekkje samarbeidspartnarar med på prosjektet; både Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning, Sintef, forskningsinstituttet Nofima, Møreforsking, Norges miljø- og biovitenskapelige universitet, Norsk institutt for bioøkonomi og også nokre internasjonale forskingsinstitutt.
Innovasjon Norge er også ein viktig samarbeidspartnar innan mellom anna finansiering av ulike prosjekt.

"Morsmjølk-erstatning" for fiskeyngel

Peder Stavdal Vikenes fekk ideen i 2014.
- Vi var nokre smålåtne sunnmøringar i godt lag. Dei som var i oppdrettsbransjen påpeikte at det var mykje tap av biomasse innan yngel og settefisk. Eg påpeikte då at eg trudde det var startfôret som var feil. Min teori var at hvis ikkje starten i oppdrettskjeda blir riktig, vil dette vere noko som ein ikkje kan ta igjen seinare.
Det er sagt at det i Norge er eit tap på 20 prosent frå yngelen er nyklekt og fram til slakteferdig laks, medan det på Færøyane er berre 10 prosent.
- Det er blitt hevda at dette er på grunn av dei på Færøyane i større grad bruker marine råvarer i fôret, medan det i Norge blir brukt mykje soya og raps. Dette er også logisk, verken laks eller ørret er vegetarianarar verken i fersk- eller saltvatn og frå naturen si side et dei insekt. Derfor ville eg teste ut ideen om at larvar i startfôret virker som ei "morsmjølk-erstatning" og gir bedre start, meir vekst og redusert dødelegheit, seier Vikenes.

Fisken veks meir og med mindre fôr

No viser internasjonale forsøk at 7,5 prosent insektprotein i fôr til yngel mellom 5-25 gram, gjer at fisken veks 30 prosent meir med 18 prosent mindre fôr.
- Dette er interessant. Etter fire år er vi i ferd med å få dei svara eg hadde då eg ga meg ut på djupt vatn den kvelden i 2014. Sannsynlegheita er stor for at dette er eit lett opptageleg protein som gir auka motstandsevne, som ei slags morsmelkerstatning, seier Vikenes.
Dei gjer no mykje utviklingsarbeid i samarbeid med potensielle kundar, utan at dei no ønskjer å avsløre for mykje kven desse er.

Stor interesse på kundesida

- Det ser veldig lovande ut i forhold til kundesida. Vi veit at det er god interesse for dette og det er mange moglegheiter i marknaden. Vi vil levere til dei som betalar mest sjølvsagt. Det kan vere at vi leverer direkte til oppdrettarar eller som ingrediens til fôrleverandørar.
Dei kan designe innhaldet alt etter kva dei forar larvene med.
- Det er to forutsetningar som begge må vere på plass for kva produkt vi produserer - det eine er lovverket og det andre er kundane sine ønsker.
No handlar det om å dokumentere innhald og effekt. Parallelt prosjekterer dei den fullautomatiserte produksjonen som dei skal ha på anlegget.
- Vi har finansieringa på plass. Ambisjonen er å vere oppe i kommersiell fullskalaproduksjon i 2019, men vi er opptekne av å bygge stein på stein. Foreløpige anslag er at vi kan produsere 1000-1300 tonn i året, men dette er noko som kan endre seg, seier dei.

100 prosent utnytting

No forar dei larvane med vegetabilske fôrkjelder, som er restprodukt frå næringsmiddelindustri som elles hadde gått til Tafjord sitt forbrenningsanlegg på Grautneset eller blitt sendt til Danmark.
- Dette er trygge og gode fôrkjelder for larvane, og det vegetabilske fôret er godkjent i Norge for bruk i fiskefôr.
Dei meiner også at dei kan utnytte larvane 100 prosent, slik at det ikkje blir avfall, noko som er viktig i eit berekraftperspektiv.
- Mjølormane veks mykje og skifter ham. Dette skalet inneheld kitin/chitosan, og dette biproduktet kan foredlast til bruk i legemiddelindustrien mellom anna. Stoffet inneheld vekstfremjande protein og kan også nyttast i fôrblandingar for økt tilvekst.
Også avføringa frå larvane vil kunne gje eit biprodukt. Det er rikt på næringsstoff, er tørt og luktfritt og kan brukast til plantegjødsel, noko dei har dokumentert effektene av.

Ingen kommersielle aktørar enno i Norge

Det er ingen kommersielle aktørar som driv med dette enno i Norge.
- Men der er eit par aktørar som er i startgropa i Norge med same type larveart (mjølorm er ei billelarve som er ein naturleg art i Norge, også kalla Tenebrio MoliTor). I tillegg finnast det utenlandske produsenter av andre artar.
Det er spådd ei femdobling av oppdrettsnæringa i Norge fram mot 2050.
- Det betyr at det vil vere eit stort behov for fiskefôr framover og der ein må ha animalsk supplement til fiskemjøl- og olje. Når vi heile tida har tenkt kommersielt, er det fordi her er mykje kompetanse og industri innan oppdrett, fiskeri og næringsmiddel i regionen, som det er viktig å kunne vere ein del av.

Espeland inn på eigarsida

NorInsect fekk starthjelp frå Innovasjon Norge og hadde derigjennom finansiering til å leige inn Harald Espeland frå Vekst i Stordal i 2016 som forretningsutviklar. I fjor gjekk imidlertid Espeland inn på eigarsida i NorInsect, slik at han no eig 40 prosent og Vikenes 60 prosent.
- Vi utfyller kvarandre godt, seier dei.
Vekst i Stordal som prosjekt skal forøvrig avsluttast i løpet av 2018.
- Vi har også skrive ein avtale om at det skal vere vanntette skott mellom mi rolle i Vekst i Stordal og som medeigar i NorInsect, der NorInsect mellom anna avskriv seg mulegheita til bistand frå Vekst i Stordal, seier Espeland.
Det vil vere eit stort behov for fiskefôr framover og der ein må ha animalsk supplement til fiskemjøl- og olje

Publisert: 03.02.2018 06:00

Sist oppdatert: 13.07.2021 10:02

Mer om