Set konsernet paa skulebenken
OPPLÆRING: Nye It-system opnar for nye måtar på jobbe på. HR-direktør Torild Bugge seier Ulstein Group satsar tungt  på opplæring for å kunne ta ut gevinsten.
Nytt

Set konsernet på skulebenken

Ulsteinkonsernet brukar 13 millionar kroner på opplæring av rundt 300 tilsette i år.

26.01.2016
Deling skal inn og arbeidsprosessar forenklast og effektiviserast når Ulstein Group sender store deler av arbeidsstokken på opplæring.
- Det handlar om at folk må tenke og arbeide på ein annan måte, seier HR-direktør Torild Bugge i Ulstein Group.

Skifta plattform

I fjor starta ei omfattande utskifting av It-system i Ulstein Group, men det er folka, ikkje dataprogramma Bugge legg mest vekt når hos skal forklare korleis konsernet skal vinne på nye It-system.
- Vi har brukt veldig mykje tid på å forankre dette , både i leiinga og i organisasjonen, seier ho.

Dele kunnskap

Nye It-løysingar gjer det til dømes råd å dele og jobbe saman på same dokument.
- Vi ønskjer å jobbe på nye samhandlingsplattformar som gjer det enklare å dele informasjon og kunnskap. Vi kan lettar kommunisere og dele informasjon med kvarandre gjennom lyd og bilete, og også jobbe saman med å dele skjembilete med kollegaer langt unna, seier Bugge.

Gevinst på samarbeid

For ei bedrifter som lever av å selge kunnskap er det å dele på kunnskapen med kollegaene gull verdt. Tradisjonelt har kva einskild medarbeidar site med mykje kunnskap lagra på eiga datamaskin og i eige hovud. Framover må delast meir, meiner Bugge.
- Vi må skifte til nye arbeidsformer som gjer det lettare å dele meir, både internt, men også med ekstrene samarbeidspartnarar, seier ho.

Støtte til opplæring

Ulstein Group brukar rundt 13 millionar kroner på det interne opplæringsprogrammet i år, i følgje Bugge.
Konsernet har fått 4,3 millionar kroner i offentleg støtte til opplæringsprogrammet i 2016, som ein del av midlane til bedriftsintern opplæring som regjeringa løyvde pengar til i fjor.
Bugge reknar med at opplæingsprogrammet vil halde fram også i 2017.
Det handlar om at folk må tenke og arbeide på ein annan måte

Publisert: 26.01.2016 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:52