Operajonssenter foto kongsberg maritime 11
STYRT FRÅ LAND: Slepebåten skal styrast frå eit operasjonssenter på land.
Nytt

Set ny fart på fjernstyrt slepebåt

Kongsberg Maritime-teknologi gjer Recotug i stand til å operere på «eiga hand». Men først må regelverket på plass.

Marius Rosbach
24.02.2021

Arbeidet med det som skal vere verdas første fjernstyrt slepebåt – Recotug - held fram.

No har Kongsberg Maritime, American Bureau of Shipping (ABS) og taubåtselskapet Svitzer inngått ein avtale om å samarbeide om prosjektet, ifølgje ei pressemelding.

Slepebåten skal på sikt vere i stand til å gjere alle operasjonar på «eiga hand», medan den blir styrt frå eit operasjonssenter på land. Systema og teknologien som gjer fartøyet i stand til å nå dette målet, blir levert frå Kongsberg Maritime.

Sunnmøringar involvert
Kommunikasjonssjef Anette Bonnevie Wollebæk i Kongsberg Maritime fortel til NETT NO at det har vore fleire sunnmøringar involvert i å utvikle teknologien – saman med tilsette i Finland og i seinare tid Kongsberg og Horten.

Slepebåten blei først testa i 2017, då utstyrsleverandøren var Rolls-Royce-eigd.

– Det har skjedd mye teknologiutvikling ila de tre-fire årene som er gått sidan vi først testa fjernstyring av tug-en i København saman med danske Svitzer. For vår del har vi også fått breiare kompetanse å spele på etter at RRCM (Rolls-Royce Commercial Marine, journ. anm.) ble ein del av Kongsberg Maritime, opplyser Wollebæk.

(saka held fram under)

Kommersiell drift avhengig av regelverk
ABS sitt bidrag i arbeidet, er å gi råd og ekspertise, slik at slepebåten blir godkjent i tråd med regelverket frå styresmaktene.

– Skal vi kunne sette denne nye teknologien i kommersiell drift, er det dessutan meir enn teknologi som må på plass: Forsikring, klassing, datatryggleik, nasjonalt og internasjonalt regelverk - og opplæring for å nemne noko, opplyser Wollebæk.

Ho legg til at det er svært spennande at prosjektet no held fram i regi av Kongsberg og partnarane.

– Då kan vi ta viktige steg vidare mot at autonomi og fjernstyrt teknologi kan bidra til tryggare skipsoperasjonar, legg ho til.

Publisert: 24.02.2021 14:19

Sist oppdatert: 24.02.2021 16:29

Mer om