Møre og Romsdal tingrett tok før helga buet i Sitwell As opp til slutning – og sette dermed sluttstrek for konkursarbeidet.
Om det ikkje kjem klager til retten på fordelinga, blir saka avslutta og selskapet sletta frå Brønnøysundregistera.
Røter tilbake til 1933
Sitwell som no gjekk konkurs blei starta i 1991, men bedrifta har røter tilbake til 1933, då Liabygda Trevarefabrikk blei starta.
Då det selskapet gjekk konkurs i 1991, overtok ei gruppe konkursbuet og haldt fram med drifta. Namnet Sitwell oppstod i 2005.
Nett No har tidlegare fortald at det framleis blir drift i Stordal, gjennom selskapet Refurn, som pussar opp og trekkjer om møblar. Men møbelproduksjon blir det ikkje.
Les også
Ni missa jobben
Møbelbedrifta hadde drive med underskot i 12 av dei 25 siste åra, då dei melde oppbod i sommar. Ni personar mista jobbane sine.
I den første rapporten frå bustyrar Trond Svinø går det fram at Fagmøbler stod for 70 prosent av omsetninga til selskapet i åra etter 2017/18, då Sitwell miste ein avtale med Møbelringen.
Mista stor avtale
I 2022 til 2024 avvikla to av selskapet sine største kundar verksemda, som påverka omsetninga betydeleg.
Då Fagmøblar i mai 2024 sa opp sin avtale – vurderte selskapet at dei hadde missa driftsgrunnlaget.
Dei samla krava var på 3,8 millionar kroner, men det var knapt pengar i buet til kreditorane. I følgje sluttrapporten frå bustyraren vart det ein dividende – utbetaling – på knappe 1,6 prosent av krava.
Publisert: 11.12.2024 14:44
Sist oppdatert: 11.12.2024 14:44