More Trafo automatisering produksjon foto Marius
SYKKYLVEN: Produksjonen i Møre Trafo er blitt stadig meir avansert med påfølgjande krav til kunnskap om maskinar og automatisering. Foto: Marius RosbachFoto: Marius Rosbach
Nytt

Sikra avtale verdt opptil ein halv milliard

Tidlegare har Møre Trafo delt slike oppdrag med fleire. No tek dei heile sjølv.

Marius Rosbach
18.06.2025

Møre Trafo i Sykkylven melder onsdag at dei har sikra seg ein ny avtale verdt opptil ein halv milliard kroner over dei neste fem åra. 

Kontrakten består av to rammeavtaler med Elmat om produksjon og levering av transformatorer og nettstasjoner, ifølgje ei pressemelding.

– Ein betydeleg milepåle
Elmat er eit innkjøpssamarbeid eigd av ni nettselskap i Midt-Noreg. Tidlegare møre Trafo delt slike kontraktar med fleire selskap, men denne gongen står dei sjølv for alle leveransane. 

 – Dette er ein betydeleg milepåle for oss, og vi er stolte over å ha fått tilliten til å levere desse løysningane i sin heilhet, uttaler sals- og marknadssjef Ivar Lifjeld i meldinga. 

Begge avtalane går over tre år med opsjon på to nye år, og har ein totalverdi på høvesvis kring 220 og 280 millionar kroner. 

Skal bygge ut – igjen 
Det skjer også meir hos Skandinavias største produsent av transformatorer og nettstasjoner for tida.

Etter at selskapet utvida med ny produksjonslinje ved anlegget i Sykkylven i fjor, planlegg dei ei ny utbygging. 

Styret har nyleg vedteke planar om eit nytt bygg for produksjon av  nettstasjonar. Aursnes Eiendom står bak bygget der Møre Trafo blir leigetakar. Det kring 1800 kvadratmeter store bygget utgjer ei investering på kring 30 millionar, opplyser selskapet på si heimeside

I meldinga fortel samtidig Møre Trafo-sjef Runar Tandstad at veksten ikkje har vore så kraftig om venta dei siste åra, og at utfordringa er å levere til konkurransedyktige prisar.

Publisert: 18.06.2025 11:20

Sist oppdatert: 18.06.2025 11:46

Mer om