Sikring av dei mest rasfarlege vegane vil koste 14 milliardar kroner
Otterdalsstranda er nummer to på lista av fylkesvegar med høgast skredfaktor.
– Det hastar å setje i gang skredsikring av fleire strekningar, seier pressesjef Ingunn Handagard i Naf.
Summen fordeler seg på 8,7 milliardar kroner på riksvegar og 5,5 milliardar kroner på fylkesvegar, ifølgje oversikta. Den tek utgangspunkt i tal frå Statens vegvesens oversikt over skredpunkt som er levert inn til Samferdselsdepartementet i samband med ny Nasjonal transportplan.
– Mange av dei mest skredfarlege strekningane er i Vestland fylke, spesielt på riksvegane. Dette er vegar der faren for ras er høg og kvar hending kan få store konsekvensar, seier Handagard.
– Toppen av isfjellet
Viss alle skredpunkt med høg og middels faregrad skulle sikrast, ville det koste totalt 95 milliardar kroner, opplyser Naf.
Behova er store også i Nordland, Troms, Finnmark og Møre og Romsdal. Skredfaktor blir berekna ut frå kor sannsynleg det er at det går ras. Ein ser på kva konsekvensar det kan få ut frå kor mykje trafikk det er på staden, moglegheit for omkøyring og andre faktorar.
– Dette er berre toppen av isfjellet. På riksvegane er det 78 stader med høg skredfaktor, og på fylkesvegane er talet 123. I tillegg kjem ei rekke stader med middels eller låg faregrad, der det framleis er behov for tiltak, seier Handagard.
Behov for tunnel
På mange utsette strekningar er det behov for tunnel eller ny trasé for å sikre vegen.
– I tillegg til dei store investeringane som trengst på nokre av dei mest rasfarlege strekningane, er det mykje som kan gjerast med mindre tiltak. Varsling, sikring av terrenget og andre utbetringar kan gjennomførast relativt raskt, om midlane kjem på plass, seier Handagard.
Riksvegar etter skredfaktor:
Rv 13 Kvassdalen – Vestland
Rv13 Osgjelet – Vestland
Rv 5 Skredvikja – Vestland
E16 Vaksdal – Vestland
Rv 13 Byrkjenes – Vestland
Rv 15 Grasdalen – Vestland
E 10 Presteneset 1 – Nordland
E10 Kvanndalen – Nordland
Rv 13 Øvre Lonevatn – Vestland
Rv 13 Ygningsdalshamrane – Vestland
Fylkesvegar etter skredfaktor:
Fv 5744 Navelsakerstranda – Vestland
Fv 5829 Otterdalsstranda – Møre og Romsdal
Fv 613 Gaularfjellet – Vestland
Fv 5723 Merkingsgjølet – Vestland
Fv 7594 Myrlandsfjellet – Nordland
Fv 5625 Skjerdalsberget – Vestland
Fv 8830 Store Lerresfjord – Finnmark
Fv 5724 Heimefonna – Vestland
Fv 49 Snauhaugtunnelen – Vestland
Fv 49 Tokagjeltunnelen – Vestland
Publisert: 27.11.2023 10:20
Sist oppdatert: 27.11.2023 10:20