Siktar mot kampanjestart i januar
Idar Flø i Norwegian Centre of Maritime Communication reknar at dei snart har nok bedrifter til å starte kapitalinnhenting.
Målet til Norwegian Centre of Maritime Communication (NCMC) er å hente inn mellom tre og 8,5 millionar kroner i ny eigenkapital, som NETT NO skreiv tidleg i november i år.
Før kapitalinnhentinga startar vil Flø ha sikra seg at bedrifter som også kan tilføre selskapet nettverk og kunnskap blir med på emisjonen. Når han har fått førehandstilsagn om 900.000 kroner vil den offentlege kapitalutvidinga i regi av Folkeinvest starte umiddelbart, seier han til NETT NO.
Det er bra interesse i marknaden
Klar i januar
- Det er bra interesse i marknaden, seier Flø.
Han ventar at førehandstilsegn frå investorar om at dei vil gå inn med 900.000 kroner vil vere klart tidleg i januar 2023.
Ideen bak Hareid-selskapet Norwegian Centre of Maritime Communication (NCMC) er å samle fangst- og posisjonsdata frå fiskarane, og dele informasjonen med alle abonnentar på tenesta.
Informasjonen skal vere tilgjengleg gjennom nettportalen «Fishguider».
Poenget er mellom anna å spare fiskeflåten for kostbar og dieselkrevande leiting etter kvar fisken er å finne.
Planen er også å kunne kople på informasjon frå databasar, som til dømes frå Havforskingsinstituttet.
Ei kapitalutviding på mellom tre og 8,5 millionar kroner vil utgjere mellom 25,4 og 49,2 prosent eigarandel av selskapet etter kapitalutvidinga.
Dersom selskapet når minstemålet i emisjonen, skal pengane i hovudsak finansiere produktutvikling. Når selskapet maksimalmålet, skal emisjonen også finansiere marknadsføring og løn til teknikarar som kan installere utstyr og system.
E16/S2 Podium: Kva skjer med det sunnmørske eigarskapet?
Publisert: 14.12.2022 11:18
Sist oppdatert: 14.12.2022 13:08