Idar Flø skjermfoto youtube 11
KAPITALUTVIDING: Idar Flø er dagleg leiar, grunnleggar og største aksjonær i Norwegian Centre of Maritime Communication. Blir det full klaff i den komande kapitalutvidinga, vil aksjonærane bak eige nesten halvparten av selskapet. Skjermfoto: Youtube
Nytt

Vil hente minst tre millionar

Skal få fiskarane til å dele fangstinformasjon.

08.11.2022

Ideen bak Hareid-selskapet Norwegian Centre of Maritime Communication (NCMC) er å samle fangst- og posisjonsdata frå fiskarane, og dele informasjonen med alle abonnentar på tenesta.

Informasjonen skal vere tilgjengleg gjennom nettportalen «Fishguider».

Poenget er mellom anna å spare fiskeflåten for kostbar og dieselkrevande leiting etter kvar fisken er å finne.

Planen er også å kunne kople på informasjon frå databasar, som til dømes frå Havforskingsinstituttet.

Finansierer utvikling
No skal Norwegian Centre of Maritime Communication hente mellom tre og 8,5 millionar kroner i ny eigenkapital gjennom Folkeinvest.

Det utgjer mellom 25,4 og 49,2 prosent eigarandel av selskapet etter kapitalutvidinga.

Dersom selskapet når minstemålet i emisjonen, skal pengane i hovudsak finansiere produktutvikling. Når selskapet maksimalmålet, skal emisjonen også finansiere marknadsføring og løn til teknikarar som kan installere utstyr og system.

To tilsette
I dag har selskapet to tilsette, grunnleggar og dagleg leiar Idar Flø og finansdirektør Inger Lise Hjørungdal.

Selskapet har ikke tidfesta når kapitalutviding skal opne og kor lenge teikningsperioden skal vare, men Folkeinvest har lagt ut informasjon om kapitalutviding og opna for førehandsteikning av aksjar.

Mindre selskap, mindre investorar
Folkeinvest har spesialisert seg på kapitalutvidingar i nye og mindre selskap, der minstebeløpet for å vere med er lite. Slik kan kapitalutvidingane tiltrekkje seg mange mindre investorar.

I år har selskapa Inseanergy, Bagid, Varda Care og Havkraft frå Nordvestlandet brukt Folkeinvest for å hente ny kapital.

(saka held fram under)

Verdsett til 8,8 millionar
Før kapitalutviding er Norwegian Centre of Maritime Communication verdsett til 8,8 millionar kroner.

Verdivurderinga er gjort av statautorisert revisor Atle Birger Flø (som ikkje er nærståande til eigarane og ikkje er medeigar i selskapet, red.merk.).

I følgje presentasjonen i samband med kapitalutvidinga ventar selskapet 33,4 millionar kroner i driftsinntekter og 9,8 millionar kroner i resultat før skatt i 2025. I 2021 var driftsinntektene to millionar og resultatet før skatt 0,2 millionar kroner.

Norwegian Centre of Maritime Communication har fire eigarar før kapitalutvidinga, med Idar Flø (42 prosent) som den største. Brit Oddrun Overå eig 28 prosent, selskapet Flømann 20 prosent og selskapet Skylesteinen 10 prosent. Flømann har sju eigarar, med Einar Arne og Kjartan Bjåstad som dei største.

Fishguider er eit samarbeidsprosjekt mellom Norwegian Centre of Maritime Communication og stiftinga North Atlantic Institute for Sustainable Fishing (NAIS), med base i Midsund.

Sjølve nettportalen skal eigast av selskapet Ocean Resource Watch med Norwegian Centre of Maritime Communication og NAIS, som representerer fiskarane, med kvar sin 45 prosents andel. Det siste 10 prosenta eig Are Prytz Berset gjennom selskapet Gaviota.

Publisert: 08.11.2022 05:00

Sist oppdatert: 08.11.2022 07:19

Mer om