Siktar mot milliarden
VEKSTPLANAR: Ideen om å etablere Norva 24 som ei stor nordisk aktør kjem frå Arild Bødal og dei andre medeigarane i Septik 24 i Stryn. Allierte seg med svensk investeringsfond og satsar på å bli storaktør i Norden.
Nytt

Siktar mot milliarden

Arild Bødal og dei andre eigarane i Septik 24 i Stryn tok styringa og starta ei storstilt konsolidering i bransjen. Nærmar seg milliardomsetning.

13.01.2017
- Vår bransje var overmoden for konsolidering, seier Arild Bødal, medeigar, styremedlem og forretningsutviklar i Norva 24.
Saman med Birkeland-familien i Gulen og Sandbakk-familien i Stryn bygde Bødal opp Septik 24 til eit selskap med ein kvart milliard kroner i driftsinntekter, og hovudkontor i Stryn.
Hovudkontoret ligg framleis i Stryn, no er verksemda blitt over tre gongar større - og skal vekse vidare.

Kjøp i Danmark

I 2014 sette Septik 24-eigarane seg saman og vurderte vegen vidare. Slik dei såg det var det tre alternativ; halde fram som før, satse på gradvis vekst i Noreg finansiert med eiga inntening, eller alliere seg med ein partnar med meir kapital og satse på å bli ein leiande aktør i den nordiske marknaden.
Dei valde det siste alternativet og gjekk saman med fleire selskap i same bransje i det nye selskapet , som denne veka kunngjorde dei sitt første store steg utanfor Noreg, kjøpet av danske ISS Kloakk- & Industriservice.

- Vår vurdering av at viss ikkje vi var med på ei konsolidering så ville andre kapitalsterke eigarar kome inn og konsoliderer bransjen. Vi ønskte å sitte i førarsetet, seier Bødal.
Medrekna det danske selskapet budsjetterer Norva 24-konsernet med driftsinntekter på omlag 830 millionar kroner og cirka 500 tilsette i 2017.

Septik- og avfallshandtering

Norva 24 driv på fleire felt:
Innsamling, transport og behandling av slam frå private septiktankar, kommunale kloakkrenseanlegg og renseanlegganlegg.
Vedlikehald og inspeksjon av kommunale vass-og avløpsanlegg, kummer og anna infrastruktur knytta til eigedom, vegar og næringsbygg og -areal. Det omfattar mellom anna spyling og kamerainspeksjon av alle typar ledningsnett, tøming og kontroll av ulike kummer, kloring og trykkprøving av ledningsnett, tøming av sandfang, vegkummer og feittavskillarar.
Tømming og rensing av blant anna skipstankar og tankar og rør på fleire industri- og raffinerianlegg, mellom andre Mongstadraffineriet.
Deler av innsamla biologisk/organisk materiale som Norva 24 tek seg av blir bearbeidd på eige anlegg, anna blir frakta og levert til andre bearbeidingsanlegg.

Eigen teknologi

Mykje av utstyret og systema som er i bruk i Norva 24 er utvikla av Septik 24 saman med Nomek i Stryn. Alt utviklingsarbeidet og kompetansebygginga som var lagt ned i selskapet var ein av grunnane til at Septik 24 eigarane ville sitte i førarsetet i konsolideringsprosessen.
- Vi meinte vi hadde gode føresetnadar for å leie an, seier Bødal.
Men dei mangla ein ting.
- Vi hadde ikkje kapital nok til ei så stor satsing, seier han.

Alliert med svensk fond

Løysinga vart å alliere seg med som kom inn som medeigar i 2015. Valedo hadde allereie gjort nokre mindre oppkjøp i bedrifter på Austlandet, og hadde same vurdering som eigarane av Septik 24 om at det ville bli ei konsolidering i bransjen.
Partane vil ikkje opplyse kor mykje pengar Valedo har investert. Bødal nøyer seg med å seie av Valedo er største eigar med i overkant av 50 prosent av aksjane og at dei opphavlege Septik 24-eigarane har ein stor post i det nye selskap.
Medrekna det danske selskapet består Nogva-konsernet av ti selskap. Strategien når nye selskap er blitt innlemma i konsernet er at eigarar, leiarar og nøkkelpersonar blir invitert til å bli medeigarar og Norva 24 ha i dag rundt 60 aksjonærar.
- Vi tidlegare eigarar (i Septik 24, red. merk) er størst utanom Valedo, seier Bødal.

Siktar mot Sverige

I løpet av 2017 er Norva 24 sannsynlegvis etablert i Sverige.
- Vi held på med prosessar i Sverige som kan kome i løpet av 2017, seier Bødal.
I Noreg er det framleis aktuelt å innlemme nye selskap i konsernet, men den norske veksten framover vil først og fremst kome gjennom at konsernet veks ved å ta fleire oppdrag med den organisasjonen som alt er på plass.

Styrt frå Stryn

Norva 24 er styrt frå Stryn, med Jon Nesje som konsernsjef. Konsernadministrasjonen består av 14 personar, der Nesje og åtte andre har kontorplass i Stryn.
I tillegg til Arild Bødal er dei øvrige tidlegare Septik 24-eigarane som er med i Norva 24, Kristian, Malvin, Jan Erik og Ivar Loen Sandbakk og Johny, Kenneth og Alexander Birkeland.
Vår vurdering av at viss ikkje vi var med på ei konsolidering så ville andre kapitalsterke eigarar kome inn og konsoliderer bransjen. Vi ønskte å sitte i førarsetet

Publisert: 13.01.2017 11:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:05