Moods of Norway lever vidare
Gjorde comeback etter konkurs.
Etter konkursen i 2017 kjøpte Moods of Norway-grunnleggarane Jan Egil Flo og Simen Staalnacke, og ei gruppe tilsette, tilbake klesmerket og varelageret frå konkursbuet gjennom selskapet Retail Drift as.
Målet var å selje ut varelageret og bygge opp att Moods of Norway-varemerket. Både i 2017 og 2018 hadde Retail Drift god lønsemd frå salet av varelageret frå Moods of Norway.
Dei siste åra har verksemda i Retail Drift (sjå tabell) vore å drive butikk i Stryn og nettbutikk. Satsinga er kle for menn, med Moods of Norway-varemerket og den opphavlege traktorlogen.
Kjøpte varelager
Kjøpet av Moods of Norway-buet var det første av fleire.
I april 2020 kjøpte Retail Drift buet etter butikkkjedene Brandstad og Wagnerbutikkane, og Jan Egil Flo var også med då Ricco Vero-grunnleggar Finn Einar Kvamme kjøpte tilbake buet etter konkursen i Ricco Vero.
I dag eig Jan Egil Flo Retail Drift åleine, gjennom selskapet Berre Pluss. Berre Pluss eig og kles-selskapet Moods og eigedomsselskapet Retail Eigedom.
Berre Pluss er og medeigar i Strynselskapa Flobygget as (50 prosent), Visnes Næringeiendom as (25 prosent), Stryn Gastrobar (25 prosent) og Førde-selskapet Golden Mile4 U as (25 prosent).
Les også
Ricco Vero-grunnleggar Finn Einar Kvamme og partnarar kjøper konkursbuet etter selskapet.
Moods of Norway-grunnleggaren Jan Egil Flo kjøper varelageret etter Superdry-konkursen.
Berre Pluss as | ||
Tal i mill. kroner | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | 0,09 | 0,06 |
Driftsresultat | 0,03 | -0,04 |
Resultat før skatt | -0,38 | -0,58 |
Retail Drift as | ||
Tail i mill. kroner | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | 15,0 | 14,9 |
Driftsresultat | -1,3 | 0,1 |
Resultat før skatt | -1,0 | 0,3 |
Publisert: 08.06.2023 13:21
Sist oppdatert: 08.06.2023 13:21