Zewo Chemicals i Herøy er mellom dei raskast veksande bedriftene i landet.
Selskapet som har spesialisert seg på å halde alt frå båtar til anlegg for sjømat reinast mogleg, satsa kommersielt for alvor i 2020.
Etterpå har pilane berre peika opp.
2024 blei eit nytt rekordår for selskapet med ei omsetning på kring 34 millionar kroner. Det var ei auke på kring 35 prosent og neste år siktar selskapet høgare.
– Budsjettet vårt er på kring 50 prosent auke i 2025, fortel dagleg leiar Kjell Johansen Fure til Nett No.
Det vil i tilfelle innebere kring 50 millionar i omsetning – meir enn ti gonger høgare enn i satsingsåret 2020.

Kundane er blitt tvungne til å sjå på kostnadsnivået, og det er ein av grunnane til at vi har lukkast
Stor aktivitet på sjømatmarknaden
Ei av årsakene til veksten for Herøy-selskapet er eit gjennombrot i sjømat og oppdrettsmarknaden. Etter at bransjen opplevde full brems etter at lakseskatten kom på bordet, er det no meir aktivitet.
– Vi har satsa på sjømat sidan vi starta, men nå har fleire valt våre tenester. Kundane er blitt tvungne til å sjå på kostnadsnivået, og det er ein av grunnane til at vi har lukkast, seier Fure.
Inntektene veks også frå marknaden for vassbehandling og legionellatiltak. Det gjeld alt frå passasjerfartøy, offshorereiarlag til næringsmiddelkundar som produserer mat.
– Vi driv alle typer vassbehandling og det dreiar seg i botnen om å fjerne ureinheiter og mikroorganismar, fortel Fure.
Sikra plass på Gaselle-lista
Dei gode resultata sikra selskapet ein plass på Dagens Næringsliv si Gaselle-liste over landets raskast veksande bedrifter.
Rangeringa som baserer seg på 2023-resultata, inneheld til saman seks selskap frå Herøy kommune (sjå topplista for Møre og Romsdal under).
– Det fortel at det vi gjer er rett, seier Zewo-sjefen.
I 2024 auka også lønnsemda og rekneskapen vil vise ein driftsmargin på 7-8 prosent, ifølgje Fure.
Sjekk topp 25 Gaselle-bedrifter i Møre og Romsdal
1. Premier Seafood
2. H2 Norway
3. Hov Prosjekt
4. Monitor Erp System Norge
5. Norcoast
6. Midsund Industriservice
7. Vertikal Service
8. Ørskog Bygdeservice
9. Vitbit
10. Jenny Hatlehol
11. Hestad Bygg
12. Bonseye
13. Kos Kafe Og Spiseri
14. North West Solutions
15. Empet Kristiansund
16. Fsv Crewing
17. Ask Elearning
18. Havila Service
19. Årim
20. Keiseren Frukt Og Grønt
21. Estbygg
22. Stornes Fiskeindustri
23. Maritim Research I
24. Kjølås Stansekniver
25. Zewo Chemicals
Kjelde: Dagens Næringsliv
Skal tilsette tre salsleiarar
Zewo Chemicals er ein del av Teige Gruppen. Det forklarar også delar av korleis ei bedrift på sju årsverk kan sikte mot ei årsomsetning på kring 50 millionar.
Fure fortel at det er kring 15 tilsette i alt som er involvert i verksemda via konsernet.
No skal dei også utvide staben med minst tre salsleiarar til å handtere sørvestlandet, Midt-Norge og Nord-Norge.
– Kundeporteføljen i desse områda er blitt større og krev at vi er meir til stades. Samtidig har vi auka aktivitet, fortel Fure.
Les også
Investeringar og eksportvekst
I løpet av dei siste åra har selskapet også gjort betydelege investeringar både i personell og system. Det ventar dei å hauste av framover.
– Vi opplever aukande sal og omsetning i utlandet. Vi leverer tenester i Storbritannia og har samarbeidspartnarar i Danmark og Færøyane, fortel Zewo-sjefen.
Les også
Publisert: 06.01.2025 10:34
Sist oppdatert: 06.01.2025 10:28