NTB M Nuc4vs0 E7 M 1
LIKE SILDA I HAVET: Sunnmørssilda er av same slaget ein finn ute i havet og vil derfor ikkje bli freda. Foto: Vidar Ruud / NTB / NPK
Nytt

Silda er ikkje sunnmøring

Difor blir den ikkje freda i fjordane.

NPK
07.12.2023

(NPK): Fiskeridirektoratet har no undersøkt om silda i fjordane på Sunnmøre er lokale variantar. Resultatet viser at sildebestanden er av same sorten ein finn ute i havet og at han derfor ikkje vil bli freda.

– Etter grundige analysar konkluderer vi med at det ikkje finst vitskapeleg grunnlag for å seie at silda i desse fjordane er ein eigen variant, seier havforskar Aril Slotte i ei pressemelding.

Resultata viser tvert i mot at silda på Sunnmøre er ei god blanding av fleire genetisk ulike havbestandar og er veldig lik den i Nordsjøen og til dels det sørlege Norskehavet i vårhalvåret, når silda møtest i beiteperioden.

Lokale bestandar kunne gitt freding
Dersom forskinga hadde funne heilt lokale bestandar av sild i fjordane på Sunnmøre, altså at silda var tilpassa eit liv akkurat i dette området, så ville det vore eit vitskapeleg grunnlag for å gje råd om freding av silda her for å sikre mangfaldet i denne arten.

Dette rådet har havforskarane blant anna gitt for silda i Sognefjorden, Nordfjord og Trondheimsfjorden – med etterfølgjande reguleringar frå Fiskeridirektoratet. Men det finn altså ikkje forskarane grunnlag for på Sunnmøre.

Publisert: 07.12.2023 10:02

Sist oppdatert: 07.12.2023 10:05

Mer om