Siva-ja til Nordveggen
Blir med i det nasjonale næringshage-programmet.
Nordveggen er utviklingsselskapet for Rauma og ei av årsaken til suksessen til Rauma-samfunnet siste åra.
No har Siva - Selskapet for industrivekst - tatt Nordveggen inn i det nasjonale næringshageprogrammet, som mellom anna betyr 1,8 millionar kroner i støtte i år.
Det er pengar som skal gå til å gjere det råd for Nordveggen å drive meir rådgiving for bedriftene, seier dagleg leiar Solveig Brøste Sletta til NETT NO.
Støtta betyr også at Nordveggen utvidar verksemda ut over kommunegrensa til Rauma. Per i dag har 20 bedrifter i Rauma og 10 i Vestnes inngått avtale om å vere med i programmet.
Ein fot innanfor
2022 er siste år i ein tiårsperiode for næringshageprogrammet. Målet for Nordveggen er å gjere ein så god jobb at selskapet får vere med i programmet også den komande 10-årsperioden, seier Sletta.
Nordveggen har allereie tilsett Håvard Ulvestad for å arbeide med næringshageprogrammet, og støtta gjennom næringshageprogrammet gjer det råd å også leige inn ekstra rådgiving om det trengst. Han kjem frå Sparebanken Møre på Åndalsnes.
På Nordvestlandet er det frå før tre næringshagar med i programmet, Vindel i Kristiansund, Sunnmøre Kulturnæringshage i Volda og Stryn Næringshage i Stryn.
Bygde innovasjonssenter
SIVA (Selskap for industrivekst) er statleg foretak som mellom anna byggjer næringsbygg og støttar næringshagar, innovasjonssenter og katapultsenter.
SIVA er allereie involverte på Åndalsnes. Det er SIVA som finansierte bygginga av Utrøna Innovasjonssenter, som mellom andre husar Nordveggen. Målet med innovasjonssenteret er mellom anna å utvikle samarbeidet mellom næringsliv og forsking.
Publisert: 31.01.2022 16:26
Sist oppdatert: 31.01.2022 16:49