Åndalsnes 31572983 foto Harmish Khambhaita CC BY SA 3 0 via Wikimedia Commons
POPULÆRT: Rauma har lukkast med å trekke til seg nye innbyggjarar. Harmish Khambhaita/Wikimedia Commons
Analyser

Sjå til Rauma

Det er husmangel på Åndalsnes. Det er eigentleg ei suksesshistorie.

14.11.2021
ANALYSE

Under Innovasjonsfestivalen på Åndalsnes denne veka lista forskar Knut Vareide opp kva som måtte vere på plass for at ein kommune skulle lukkast med å bli og vere attraktiv. Rauma scora på så godt som alt.

Tillit mellom kommune og næringsliv? JA
Tillit mellom aktørane i næringslivet? JA
Langsiktig og vedvarande arbeid for å utvikle og vidareutvikle omdømmet? JA
Stabilitet i utviklingsarbeidet, med skiftande politiske koalisjonar ved makta? JA
Tilgang på areal for næringsverksemd? JA
Patriotisk næringsliv? JA
Tilbod utanom arbeid, (for eksempel bibliotek, kino, restaurantar, idrettsanlegg - og opplevingsanlegg som den nye gondolen)? JA

Rauma, og spesielt Åndalsnes og den næraste bygda, Isfjorden, har blitt så attraktiv at det er eitt spørsmål det ikkje kan svarast ja på nett no. Er det lett å finn ein stad å bu? NEI

For å finne svaret på kva som har skjedd i Rauma må vi gå tilbake til starten av oljealderen.

På 70-talet blei det bygd to store betongplattformer på industriområdet Øran Vest.

Dokka som blei gravd ut til formålet er der framleis, og aktiviteten skapte vekst og tilflytting.

Den siste plattforma blei slept ut til Frigg-feltet i 1977, og etterpå stilna det av. Folketalet gjekk ned.

Både 80- og 90-talet var prega av etterverknadane.

- En kollektiv depresjon, mykje pessimisme, seier Arnt Øyvind Siem. Saman med Nils Ivar Heggem var han sentral då grunnlaget blei lagt for at Rauma-samfunnet snudde utviklinga - tidleg på 2000-talet.

Siem vart første leiaren i utviklingsselskapet Nordveggen, der Rauma Næringslag og Rauma kommune er dei to største eigarane. Heggem var styreleiar i næringslaget då Nordveggen vart skipa.

Noko av det første dei la vekt på var å etablere møteplassar, mellom anna næringspub. Det som framleis blir arrangert første tysdagen kvar månad.

I denne tida vart også slagordet "Verdas beste kommune for naturglade menneske" skapt, eit slagord som gjeld den dag i dag, og som har fått fornya innhald undervegs og omfattar også dei som nyt naturen frå verandaen, seier ordførar Yvonne Wold (SV).

Gradvis snudde stemninga. Aktørane i Rauma er eit lag.

Stjerneeksempelet på det er kanskje då ei gruppe lokale investorar - blant dei Nils Heggem - kjøpte Wonderland frå DNB i 2015, etter at banken hadde tatt over madrassprodusenten frå det kriseråka Interstilkonsernet året før.

I dag er det Solveig Brøste Sletta som er leiar for Nordveggen og Marcus Brevik som er leiar for næringslaget. Dei har tatt fatt i bustadproblemet.

I september i år inviterte dei, saman med kommunen, til møte om korleis få fart på bustadutviklinga.

Bustadsituasjonen er eit heitt tema. 70 personar møtte opp, meir enn dobbelt så mange som venta.

Under koronaepidemien har trykket i bustadmarknaden auka, seier ordføraren, mellom anna fordi fleire ser at det går an å bu i Rauma sjølv om arbeidsplassen er langt vekke. Tilboda i lokalsamfunnet er gode og nærleiken til naturen eit pluss.

Meir av det vi har gjort, er Wold sitt svar på korleis Rauma skal utvikle seg vidare; styrke samarbeidet mellom næringsliv, innbyggjarar og kommune, oppretthalde kontakta med innbyggjarane, fylle på med visjonar og også passe på at alle bygdene i kommunen er med.

Andre kommunar ser til Rauma no, fortel Wold.

Det er det grunn til.

Publisert: 14.11.2021 06:00

Sist oppdatert: 17.11.2021 15:07