Solveig Brøste Sletta dgl Nordveggen foto Ogne
VEKST: Utviklingsselskapet Nordveggen har spela ei sentral rolle i utviklinga av Rauma-samfunnet sidan starten i 2004. I dag har selskapet fem tilsette og dagleg leiar Solveig Brøste Sletta håpar å kunne tilsette ein til om Rauma får bli med i næringshageprogrammet til SIVA. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Vil utvide næringshage-satsinga

Utviklingselskapet i Rauma vil ha med bedrifter også utanfor kommunen i næringshagesamarbeid.

15.11.2021

Nordveggen, utviklingsselskapet for Rauma, har søkt om å bli med i det nasjonale næringshageprogrammet til SIVA.

Næringshageprogrammet er eit bedriftsutviklingprogram i SIVA-regi.

SIVA (Selskap for industrivekst) er statleg foretak som mellom anna byggjer næringsbygg og støttar næringshagar, innovasjonssenter og katapultsenter.

Nordveggen har Rauma kommune og Rauma Næringslag som største aksjonærar og har spelt eit viktig rolle i utviklinga av Rauma-samfunnet sidan selskapet blei oppretta i 2004.

Les også

Regionalt ansvar
I dag omfattar næringhageprogrammet 39 næringshagar. Om Rauma får ja betyr det 1,5 millionar kroner i årleg tilskot og også tilgang til fagleg støtte.

- Blir Nordveggen ein del av det nasjonale næringshageprogrammet vil vi knytte til oss rundt 15 bedrifter som dei vil jobbe fram nye prosjekter sammen med. Vi vil også få eit meir regionalt ansvar, og knytte til oss bedrifter utanom Rauma, seier dagleg leiar Solveig Brøste Sletta i Nordveggen på Nordveggen si nettside.

Eit ja til støtte vil bety at Nordveggen kan tilsette ein person for å jobbe saman med bedriftene i programmet seier Brøste Sletta til NETT NO.

På Nordvestlandet er det i dag tre næringshagar med i programmet, Vindel i Kristiansund, Sunnmøre Kulturnæringshage i Volda og Stryn Næringshage i Stryn.

Bygde innovasjonssenter
Håpet til Nordveggen er å få svar på søknaden om å bli med i næringshageprogrammet SIVA tidleg i 2022. Det er SIVA og Møre og Romsdal fylkeskommune som skal avgjere søknaden.

SIVA er allereie involverte på Åndalsnes. Det er SIVA som finansierte bygginga av Utrøna Innovasjonssenter, som mellom andre husar Nordveggen. Målet med innovasjonssenteret er mellom anna å utvikle samarbeidet mellom næringsliv og forsking.

I dag har senteret ti leigetakarar, møterom og andre fellesareal og også gratis kontorplassar til nyeetablerte.

Publisert: 15.11.2021 10:30

Sist oppdatert: 10.05.2023 00:08

Mer om