(NPK): Tysdag møttest dei likevel på Sandane for å drøfte alliansar og fusjonar.
Verken rektor Johann Roppen i Volda eller rektor Rasmus Stokke i Sogndal vil sjå heilt vekk frå at dei to høgskulane «i ein gitt situasjon kan vere aktuelle fusjonspartnarar», skriv Høgskulen i Volda i ein .
Kunnskapsdepartementet har bedt begge om å greie ut dei ulike samarbeids- og fusjonsalternativa saman med dei respektive samarbeidskandidatane sine.
Men begge ønskjer dei å lære av kvarandre undervegs.
– Alliansemodellen er interessant for Høgskulen i Sogn og Fjordane, uansett kva som blir utfallet av Vestlandsutgreiinga. Så det er viktig for oss å halde kontakt og dele den kunnskapen vi kjem fram til i dei to ulike prosessane våre, seier Rasmus Stokke.
Johann Roppen er einig.
– Vestlandsutgreiinga gir oss eit viktig innspel i våre eigne vegval, samtidig som vi får eit betre grunnlag for å svare på bestillinga frå departementet, seier Roppen. (©NPK)
Verken rektor Johann Roppen i Volda eller rektor Rasmus Stokke i Sogndal vil sjå heilt vekk frå at dei to høgskulane «i ein gitt situasjon kan vere aktuelle fusjonspartnarar», skriv Høgskulen i Volda i ein .
Kunnskapsdepartementet har bedt begge om å greie ut dei ulike samarbeids- og fusjonsalternativa saman med dei respektive samarbeidskandidatane sine.
Vestlandsutgreiinga
Høgskulen i Sogn og Fjordane skal saman med Høgskulen Stord/Haugesund og Høgskulen i Bergen greie ut om eit profesjonsuniversitet på Vestlandet – den såkalla Vestlandsutgreiinga – mens Høgskulen i Volda skal vurdere ein mogleg allianse med høgskulane i Molde og på Lillehammer opp mot andre alternativ, mellom anna eit fagleg samarbeid med Universitetet i Bergen.Men begge ønskjer dei å lære av kvarandre undervegs.
– Alliansemodellen er interessant for Høgskulen i Sogn og Fjordane, uansett kva som blir utfallet av Vestlandsutgreiinga. Så det er viktig for oss å halde kontakt og dele den kunnskapen vi kjem fram til i dei to ulike prosessane våre, seier Rasmus Stokke.
Johann Roppen er einig.
– Vestlandsutgreiinga gir oss eit viktig innspel i våre eigne vegval, samtidig som vi får eit betre grunnlag for å svare på bestillinga frå departementet, seier Roppen. (©NPK)
Publisert: 28.10.2015 14:15
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:48