Illustrasjonsfoto kjetil haanes fiskemottak laks 111
LAKS VEG MEST: Laks er framleis motoren i norsk sjømateksport. I fjor eksporterte Noreg 1,2 millionar tonn laks til ein verdi av 122,5 milliardar kroner. Arkivfoto: Kjetil Haanes
Nytt

Sjømatrekord på 172 millionar kroner

Sjømateksporten auka med 20,7 milliardar kroner frå 2022 til 2023. Valutakursen er hovudårsaka.

04.01.2024

NPK-NTB: Eksportverdien av norsk sjømat har aldri vore høgare enn i 2023. Totalt vart det eksportert sjømat for 172 milliardar kroner, ein auke på 20,7 milliardar frå året før.

Det svarer til ein auke på 14 prosent frå 2022, som var førre rekordår.

– 2023 vart tidenes beste verdimessige år for norsk sjømateksport. Sjømat er framleis ein av Noregs aller mest etterspurde globale handelsvarer og har for alvor styrkt seg som landets nest største eksportprodukt, bak olje og gass, seier administrerande direktør Christian Chramer i Noregs sjømatråd.

Les pressemelding få Norges sjømatråd her.

Valutaeffekt
Den norske krona svekte seg i fjor, noko som førte til ein solid verdivekst for sjømateksporten målt i norske kroner, men mykje mindre vekst i euro og dollar, som er Noregs viktigaste handelsvalutaer.

– Det er den svake norske krona og den generelle prisveksten i marknadene som løfta verdien til eit rekordhøgt nivå. Totalt bidrog kronesvekkinga til å auke eksportverdien med nesten 15 milliardar kroner i 2023, seier Chramer.

1,2 millionar tonn laks
Totalt eksporterte Noreg 2,8 millionar tonn sjømat i fjor, noko som er ein nedgang på 5 prosent samanlikna med året før. Dei to største og viktigaste artane, laks og torsk, hadde eit volumfall i fjor.

Laks er likevel framleis motoren i norsk sjømateksport. I 2023 eksporterte Noreg 1,2 millionar tonn laks til ein verdi av 122,5 milliardar kroner, noko som utgjer 71 prosent av den totale verdien for heile sjømateksporten. Verdien auka med 16,9 milliardar kroner, eller 16 prosent, samanlikna med 2022, medan volumet fall med 2 prosent.

Verdivekst for fersk torsk
Noreg eksporterte 49.000 tonn fersk torsk til ein verdi av 2,8 milliardar kroner i fjor. Det er ein verdiauke på 114 millionar kroner samanlikna med året før, tilsvarande 4 prosent. Volumet fall likevel med 10 prosent.

– Lågare torskekvotar var hovudårsaka til nedgangen i eksportvolumet for fersk torsk i 2023, seier sjømatanalytikar Eivind Hestvik Brækkan i Noregs sjømatråd.

Danmark, Nederland og Spania var dei største marknadene for fersk torsk i fjor.

Eksportvolumet av fersk villtorsk fall med 20 prosent til 40.300 tonn i fjor, medan eksportverdien fall med 6 prosent til 2,4 milliardar kroner.

Publisert: 04.01.2024 07:20

Sist oppdatert: 04.01.2024 07:51