Sjarkflaaten kjem best fraa kostnadssmellen
KJEM BEST FRÅ DET: Sjarkflåten er best stilt til å takle den kraftige auken i drivstoffprisen, som regjeringa vil ha, viser reknskapstala til fiskeflåten i Herøy.
Nytt

Sjarkflåten kjem best frå kostnadssmellen

Fiskeflåten i Herøy fekk rekordinntekter i fjor, men avgiftsauke på CO2-utslepp kjem til å tære på lønsemda i framtida.

29.01.2021
Pensjonert rekneskapsførar og tidlegare medeigar i rekneskapsbyrået Skipsregnskap, Gunnar Sævik, har oppsummert 2020 for fiskeflåten i Herøy.
I høve til folketalet er Herøy den største fiskerikommunen på Nordvestlandet, og også ein av dei større fiskerikommunane i Noreg.
Samla fangstverdi til flåten passerte 1,5 milliardar kroner i fjor, og lotten til mannskapet på dei mest lønsame båtane kom opp i rundt to millionar kroner,
Tidlegare i januar la regjeringa fram sin plan for korleis CO2-utsleppa skal ned fram mot 2030. Regjeringa vil gradvis auke avgifta på CO2-utslepp frå 590, til 2000 kroner per tonn. Det betyr at diesel blir omlag dobbelt så dyrt som i dag.

På grensa til lønsemd

Ei slik auke vil gjere at trålarflåten - der Sævik til NETT NO anslår at drivstoffkostnadane i gjennomsnitt utgjer 10-20 prosent av fangstverdien i dag - kjem til å balansere på grensa til lønsemd - om alt anna er likt i 2030.
– Ein gamal tommelfingerregel er at det ikkje er meining i å gå ut og fiske dersom drivstoffkostnadane kjem opp i 35 prosent av fangstverdien, seier Sævik.
Trålarane driv det mest drivstoffkrevande fisket av alle fartøy i havfiskeflåten. Hos dei er lotten - fiskarane sin andel av fangsten - rekna ut frå fangstverdi før drivstoffkostnadane. Heile kostnadsauken fell dermed på reiarlaget.
Sævik reknar med at fiskebåtreiarane kjem til å la vere å drive det minst lønsame fisket, om drivstoffkostnadane går opp.
– Det blir fisk som blir ufiska, seier han.

Minst auke for sjarkar

For dei minste fiskebåtane, sjarkane, utgjer drivstoffkostnadane frå sju prosent av fangstverdien og nedover, seier Sævik.
Det er denne delen av fiskeflåten som blir minst skadelidande om drivstoffkostnadane går opp. Sjarkflåten er også den delen av flåten der teknologien allereie i dag gjer det råd å delvis erstatte dieselmotor med batteri som blir lada ved kai.

For større båtar, som også blir rekna som kystfiskebåtar, utgjer drivstoffkostnadane frå fem til åtte prosent.
Eigarane av desse båtane har dessuten ein fordel til samanlikna med store trålarar. Hos kystfiskeflåten og havgåande linebåtar blir lotten rekna ut av fangstverdien etter at drivstoffkostnadane er trekt frå. Det betyr at mannskapet er med å bere ein del av kostnadsauken på drivstoff.

Rotevatn fira ikkje

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn har avvist å gi fiskarane unntak frå auken i CO2-avgifta.
Statsråden inviterer likevel til framlegg om andre avgiftskutt, då han møtte mellom andre administrerande direktør Audun Maråk i havfiskeflåten sin bransje og arbeidsgivarorganisasjon Fiskebåt til eit diskusjonsmøte tidlegare denne veka.
– Det er ikkje regjeringa sin ambisjon at ulike næringa skal vere fritatt for å betale for utslepp i 2030, sa Rotevatn.

Publisert: 29.01.2021 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:13