Erik Høyvik Gunnar Larsen Havyard Leirvik foto Havyard Havnevik
OMSKIFTING: Erik Høyvik (innfelt til venstre) er ny sjef i Havyard Group, medan Gunnar Larsen (innfelt til høgre) skal leie Hav Group. Foto: Havyard Group, Havnevik.
Nytt

Sjef-skifte i Havyard-selskap

Erik Høyvik blir ny Havyardsjef når Gunnar Larsen går til Hav Group.

01.03.2021

Utskillinga av store deler av Havyard Group i eit nytt, børsnotert selskap fører også til endringar i leiarkabalen.

Finansdirektør Erik Høyvik i Havyard Group rykkjer opp til toppsjef, medan tidlegare toppsjef Gunnar Larsen går over til å leie Hav Group, som denne veka blir tatt opp til notering på Oslo Børs.

Pål Aurvåg blir ny finansdirektør i Havyard Group. Han får også finansdirektøroppgåvene i Hav Group, som ein del av ein avtale der Hav Group leiger Havyard Group til fleire administrative oppgåver.

Grøn teknologi
Hav Group er sett saman av Havyard Group sine datterselskapa Havyard Hydrogen, Havyard Design & Solutions, Norwegian Electric Systems og Norwegian Greentech.

Havyard Hydrogen teiknar og set saman anlegg for å bruke hydrogen som drivstoff ombord i skip. Skipsdesignverksemda er samla i Havyard Design & Solutions, Norwegian Electric Systems lagar skipselektrosystem og -design, medan Norwegian Greentech lagar reinseanlegg for ballastvatn.

I førre veke gjennomførte Hav Group ei kapitalutviding på 90 millionar kroner i kombinasjon med at Havyard Group selde seg ned for 120 millionar kroner.

Held fram på børsen

Etter at Hav Group er skilt ut og er børsnotert vil Havyard Group drive med reparasjon, vedlikehald, ombygging - og eventuelt nybygg - ved verftet i Leirvik i Sogn og forvalte den dominerande eigarskapen i Hav Group.

Planen er at Havyard Group skal halde fram som eit børsnotert selskap.


Publisert: 01.03.2021 16:06

Sist oppdatert: 01.03.2021 16:07

Mer om