Havyard leirvik verft innfelt karsten sævik tor leif mongstad foto havyard 11
ROLLEBYTTE: Tor Leif Mongstad (innfelt t.h.) kjem inn som sjef for Havyard Group sitt skipsverft i Leirvik i Sogn, etter Karsten Sævik. Foto: Havyard
Nytt

Sjefskifte på Havyard-verftet

Karsten Sævik sluttar, Tor Leif Mongstad tek over.

17.08.2021

Tor Leif Mongstad blir ny toppsjef i for skipsverftet Havyard Group Leirvik.

Mognstad tek over etter Karsten Sævik, som sluttar for å "finne nye utfordinger", heiter det i ei børsmelding. Sævik har vore tilsett i eit engasjement i verftet og sluttar som planlagt då avtalen blei inngått. Han seier han har per i dag ikkje klart kva han skal gjere i neste omgang.

Les børsmeldinga her

Lang erfaring
Mongstad har lang erfaring i Havyard Group.

Han har tidlegare vore sjef ved verftet og i 2015 – 2019 var han dagleg leiar i Norwegian Electric Systems, som no er ein del av Hav Group, der Havyard Group er største eigar.

Får 2019 har han vore salsdirektør i Havyard Group.

Frå Hareid Group
Karsten Sævik starta som konsernsjef i Hareid Group hausten 2019, etter ei periode som verftsdirektør på Kleven i Ulsteinvik.

Han gjekk av i Hareid Group i november 2020.

Publisert: 17.08.2021 13:09

Sist oppdatert: 17.08.2021 16:11

Mer om