NTB 414 PO Vo X1i I 1
VALUTAGEVINST: Så langt i år har Noreg eksportert sjømat for 124,1 milliardar kroner. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Nytt

Sjømat-eksportrekord for tredje år på rad

Valuta-effekt er årsaka.

04.10.2023

NPK-NTB: Det vart eksportert norsk sjømat for 42,1 milliardar kroner i tredje kvartal. No varslar Noregs Sjømatråd det tredje rekordåret på rad.

Målt i norske kroner var juli, august og september tidenes beste tredje kvartal for norsk sjømateksport.

Så langt i år har Noreg eksportert sjømat for 124,1 milliardar kroner. Til samanlikning var den totale norske sjømateksporten i heile 2022 på 151,4 milliardar. Det var også rekord, og 25 prosent høgare enn førre rekord som vart sett i 2021.

– Allereie no ser vi at 2023 kjem til å bli eit nytt rekordår for norsk sjømateksport. Sjølv om det meste av verdiveksten i tredje kvartal kan forklarast gjennom den svake norske krona, er sjømat frå Noreg framleis ein svært attrådd global handelsvare som har ein knallsterk posisjon i mange marknader, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) i ei pressemelding frå Noregs sjømatråd.
I tredje kvartal vart det eksportert sjømat for 42,1 milliardar kroner. Det er ein auke på 3,7 milliardar eller 10 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Nedgang målt i euro
Viss vi derimot måler sjømateksporten i euro, som er den største og viktigaste handelsvalutaen vår, var det totalt sett ein verdinedgang for den norske sjømateksporten i tredje kvartal. Forklaringa er at den norske krona har vore mykje svakare i tredje kvartal samanlikna med same periode i fjor.

– Verdimessig går det framleis godt for den norske sjømateksporten. Laks, aure, torsk og sei har lagt bak seg eit historisk sterkt tredje kvartal, men det er framleis den svake norske krona som er den viktigaste drivaren til verdiveksten, seier administrerande direktør Christian Chramer i Noregs sjømatråd.

Publisert: 04.10.2023 07:37

Sist oppdatert: 04.10.2023 07:37