Sjømatbedrift satsar på laks
Byggjer ny fabrikk som skal gi 20-30 nye arbeidsplassar på Ellingsøya.
Inntil no er det klippfisk og kongekrabbe det har handla om for selskapet Mathias Bjørge, men no satsar selskapet også på laks.
Grunnarbeidet på det som skal utvide dagens bygningsmasse frå knappe 2000 kvadratmeter med 3500 kvadratmeter ekstra, byrjar etter planen til sommaren. Målet er å bli ferdig og klar til bruk hausten 2025.
«Eit ganske betydeleg løft»
Dagleg leiar og medeigar Torgeir Bjørge ønskjer ikkje å opplyse kor stor investeringa er i kroner, men seier det er «eit ganske betydeleg løft» for verksemda.
Dei nye lokala skal både utvide lagerkapasiteten og produksjonskapasiteten for klippfisk og kongekrabbe, men først og fremst huse eit produksjonsanlegg for vidareforedling av laks.
Anlegget skal kunne produsere både fryste og ferske produkt, og både forbrukarpakningar og til marknaden for hotell, restaurant og storkjøkken.
Tilsette medeigarar
Lakseforedlingsverksemda skal skje gjennom eit nyoppretta selskap, Norwegian Salmon Company. Mathias Bjørge Eiendom, som eig Mathias Bjørge As, skal eige aksjemajoriteten i Norwegian Salmon Company. Nøkkeltilsette skal eige resten.
Ønskjet er at dei tilsette skal vere med i verdiskapinga, seier Torgeir Bjørge.
Lars Magne Haram, med erfaring mellom anna frå Mattilsynet og oppdrettselskapet Mowi, er tilsett som dagleg leiar. Henrik Holen er tilsett som salssjef. Han har arbeidd med sal og logistikk i Hofset International sidan 2012.
Familieigd
Torgeir, Henning og Karl Petter Bjørge eig Mathis Bjørge-konsernet gjennom selskapet Mathias Bjørge Eiendom. I tillegg til datterselskapa Mathias Bjørge og Norwegian Salmon Company, omfattar konsernet også selskapet Norwegian Crab Company.
I 2022 hadde konsernet 196 millionar kroner i driftsinntekt og 7,6 millionar kroner i resultat før skatt.
Publisert: 05.03.2024 14:31
Sist oppdatert: 05.03.2024 16:18