Klippfisk Portugal innfelt gunnar haagensen foto Norges Sjømatråd Ogne 11
SUPERÅR: Jangaard Export kjøpte råstoff på gunstig tidspunkt i fjor. Det var med å sikre eit godt resultat for klippfiskeksporten. Ålesund-konsernet som blir leia av Gunnar Haagensen, hadde også eit godt år på anna fiskeri og eigedom i fjor. Foto: Norges Sjømatråd/Ogne Øyehaug
Nytt

Best lønnsemd av klippfiskeksportørane

Jangaard Export kjøpte råstoff i rett augneblink – og det er ikkje tilfeldig. Sjå resultatoversikt.

Marius Rosbach
15.09.2022

Sjå stor resultatoversikt under saka

Ein oversikt over resultata til alle eksportørane av klippfisk i regionen, viser at bransjen hadde eit godt år i fjor.

Samla omsette dei nær 30 selskapa i oversikten for nær 8,9 milliardar kroner i fjor – ei auke på kring 900 milllionar samanlikna med året før.

Alle inntektene kjem vel å merke ikkje frå klippfisk – og fleire har betydeleg omsetning frå sal av anna fisk i rekneskapen. Dette gjeld mellom anna Brødrene Sperre, Nils Sperre, Severin Tranvåg og Olav E. Fiskerstrand.

Auka lønnsemd – færre i minus
Oversikta viser samtidig at lønnsemda i fjor gjekk kraftig opp for klippfiskbransjen. I 2020 var resultatmarginen i snitt på kring 1,2 prosent for selskapa, medan den i fjor auka til nær 5,7 prosent.

Sjå stor resultatoversikt under saka

Banksjef Runar Debess i Sparebanken Møre og banksjef Ola Øvrelid i Sparebank 1 SMN fortel at sterk etterspurnad etter både klippfisk og kvitfisk generelt har ført til auka priser.

– Det gjorde at 2021 blei eit godt år for klippfiskbransjen. Tala viser óg at dei aller fleste har betra innteninga, som er svært gledeleg, meiner Øvrelid.

I 2020 hadde heile 11 av eksportørane raude tal då året var omme. I fjor var talet redusert til tre.

Best lønnsemd for Haagensen-selskap
Jangaard Export i Ålesund toppar lista over dei som hadde det mest lønnsame året i fjor med ein resultatmargin på 13,8 prosent. Debess i Sparebanken Møre påpeiker at det ikkje er tilfeldig.

– Både Jangaard og Fjordlaks kjøper mykje fersk torsk i Nord-Norge i perioden januar til april, og har det som forretningsmodell. Det som skjedde i 2021 var at prisane steig gjennom året, fortel han til NETT NO.

Når produsenten kjøper inn råstoff, så veit dei ikkje kva utsalsprisen blir når fisken skal selgast nokre måneder seinare. Om eksportprisane ute stig, så kan dei som oftast hente ein gevinst, forklarar Debess.

– Og når det blir stigande pris på råstoff og utsalsprisar gjennom året, så blir resultatet godt, legg han til.

Vedvarande prisauke siste året
Ola Øvrelid er fagansvarlig for fiskeri og fiskeindustri i Sparebank 1 SMN, og påpeiker det same om timingen med innkjøp.

– Jangaard- og Fjordlaks-konsernet, som begge er store på klippfisk frå torsk til Portugal, var svært aktive i kjøp av råstoff tidleg i 2021.

Han meiner spesielt desse to aktørane har nyta godt av vedvarande prisauke på torsk frå midten i 2021 og fram til i dag.

– Situasjonen har halde fram i 2022, slik at også inneverande år er venta å bli generelt godt, opplyser Øvrelid.

Sjå stor resultatoversikt under saka

Stausoppdatering for kvitfiskbransjen
Runar Debess kjem torsdag med ei statusoppdatering for heile kvitfisknæringa under The Next Wave-konferansen torsdag.

Han samstemmer med Øvrelid i at 2022 ser bra ut for klippfiskbransjen – men tvilar på at det blir like godt som fjoråret.

Eksporttala han presenterer under konferansen på Giske viser at både volum og verdi av klippfiskeksporten ved utgangen av august er gått opp samanlikna med fjoråret.

– Eg trur det blir eit heilt ok år, oppsummerer Debess.

Resultatoversikt klippfiskbransjen på Nordvestlandet:

Selskap Omsetning Res. f. skatt Resultatmargin
Tal i mill. kroner 2021 2020 2021 2020 2021 2020
BRØDRENE SPERRE* Ålesund 2 166,1 1902,0 124,0 -47,9 5,72 % -2,52 %
NILS SPERRE* Ålesund 1 208,6 960,1 71,0 22,6 5,88 % 2,35 %
JANGAARD EXPORT Ålesund 927,4 889,4 128,1 18,7 13,81 % 2,11 %
FJORDLAKS
Ålesund 697,4 544,8 29,0 -83,7 4,16 % -15,36 %
AS MØRE CODFISH COMP Ålesund 616,4 655,2 11,1 -21,6 1,80 % -3,29 %
SEVRIN TRANVÅGE*
Sula 389,1 354,3 20,7 4,4 5,33 % 1,23 %
TUFJORDBRUKET
Ålesund 374,8 361,7 24,2 11,2 6,47 % 3,10 %
OLAV E FISKERSTRANDE*
Sula 354,6 323,8 9,4 -3,2 2,65 % -0,98 %
GUSTAV STOKKE
Ålesund 316,5 398,4 20,1 -0,3 6,35 % -0,06 %
MATHIAS BJØRGE
Ålesund 303,0 217,7 17,0 4,4 5,60 % 2,03 %
GRYTESTRANDA FISKEINDUSTRI
Ålesund 173,5 136,5 4,5 -10,4 2,59 % -7,61 %
KARSTEN FLEM
Ålesund 167,2 144,1 7,7 -3,8 4,62 % -2,64 %
JOHAN GISKEØDEGÅRD
Giske 149,5 125,8 0,1 -5,9 0,10 % -4,66 %
BRØDR REMØ
Sula 140,7 90,5 -0,5 2,5 -0,36 % 2,71 %
JACOB BJØRGE
Ålesund 130,1 129,1 7,0 1,0 5,41 % 0,74 %
SIGURD FOLLAND
Averøy 124,0 140,6 3,6 9,8 2,90 % 6,94 %
INGOLF ENGESET
Ålesund 117,8 54,0 7,3 0,6 6,21 % 1,07 %
VEIDHOLMEN FISK
Smøla 93,8 89,0 2,8 0,5 2,99 % 0,51 %
ABS
Ålesund 80,0 82,3 5,0 1,0 6,20 % 1,25 %
O SKARSBØ
Hustadvika 76,0 77,1 9,7 3,3 12,79 % 4,27 %
ELLINGSØY KLIPPFISK
Ålesund 43,6 34,6 1,7 1,4 3,79 % 4,00 %
STRØMSHOLM FISKEINDUSTRI
Aure 43,1 38,8 2,4 2,1 5,54 % 5,46 %
JAKOB OG JOHAN DYBVIK
Sula 38,1 35,2 2,0 -3,0 5,20 % -8,44 %
KORSNESET KLIPPFISK
Sula 34,1 52,7 0,5 0,2 1,56 % 0,37 %
RAFAEL DYBVIK
Sula 27,8 32,0 0,3 -0,3 1,01 % -0,96 %
STOKFISK
Giske 26,9 41,5 -3,9 1,6 -14,70 % 3,84 %
PEDER B SØRVIK
Averøy 21,8 19,8 0,2 -0,3 1,07 % -1,64 %
NORBERT ENGESETH
Ålesund 20,8 21,5 0,1 0,3 0,60 % 1,39 %
LOFOTKOMPANIET
Kristiansund 17,3 23,5 -0,2 -0,1 -1,40 % -0,29 %
SUM 8 879,8 7975,8 504,9 -94,9 5,69 % -1,19 %
*Selskapa driv både med klippfisk/saltfisk og pelagisk fisk

Publisert: 15.09.2022 05:00

Sist oppdatert: 23.09.2022 11:37

Mer om