Volt collector dåp foto marius 11
OPPDRETTSBREMS: Volt Service-sjef Even T. Remøy (lengst t.h.) under ein tidlegare dåp i Fosnavåg. Reiarlaget er mellom dei som framleis har lagt prosjekt på is som følgje av bremsen i oppdrettsbransjen. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Framleis mindre sprut i oppdrettsbransjen

Herøy-reiarlag mellom dei råka av at investeringar for 30 milliardar ligg på is. Blir tema på sjømatkonferanse.

Grunnrenteskatten på havbruk gir framleis brems i bransjen, viser rapport som står på dagsorden under den tre dagar lange sjømatkonferansen «North Atlantic Seafood Forum» i Bergen.

«Investeringer til en verdi på 30,8 MRD NOK som ble satt på hold i etterkant av at regjeringen la frem sitt forslag i september 2022, er fremdeles ikke startet opp igjen», skriv NHHS Consulting i rapporten som blir kalla «Lakseskatten - Et år med tapte muligheter».

Klikk her for å lese samandrag og laste ned heile rapporten (ekstern lenke)

Rapporten er skriven på oppdrag av bransjeorganisasjonen Sjømat Norge, og blei presentert for først gang i førre månad. Under konferansen for sjømatbransjen i Bergen skal temaet opp til diskusjon.

Les programmet her (ekstern lenke)

Herøy-reiarlag med nybygg på is
Rapporten tek utgangspunkt i situasjonen ved utgangen av januar 2024. Då var det 16 månadar sidan statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum inviterte til pressekonferanse, og varsla at regjeringa ville innføre grunnrenteskatt på oppdrettsnæringa.

Volt Service-reiarlaget i Herøy var mellom dei som la to nybygg på is grunna lakseskatten. Reiarsjef Even T. Remøy seier at situasjonen for deira del framleis er den same.

– Så lenge oppdrettsselskapa framleis ikkje veit kva dei kjem til å betale i skatt, så reknar vi med at situasjonen vil vare ved, seier han til NETT NO.

Uvisse om skattegrunnlaget
Regjeringa sitt framlegg var at grunnrenteskatten på lakseoppdrett i sjø skulle vere 40 prosent av overskotet, i tillegg til den vanlege selskapsskatten på 22 prosent.

Forhandlingane i Stortinget enda med at satsen vart sett ned til 25 prosent, men framleis er det uvisse kva som er grunnlaget for skattlegginga. Uvissa skuldast først og fremst at det enno ikkje er avgjort kva laksepris det skattepliktige overskotet skal bereknast ut i frå.

Det er venta at fleire oppdrettsselskap kan hamne i rettsoppgjer med staten før spørsmålet er endeleg avgjort, og slike prosessar vil truleg ta fleire år.

Tap for leverandørane på 4,8 mrd.
Investeringane på 30,8 milliardar kroner er investeringar som oppdrettselskap hadde planlagt å gjere, også litt fram i tid.

Ein god del av dei planane var enno ikkje komen så langt at utstyrsleverandørane og oppdrettselskapa hadde starta konkrete forhandlingar om kontraktar.

Utstyrsleverandørane - som det er mange av på Nordvestlandet - er spurt av NHHS Consulting om kor mange oppdrag dei hadde i lomma, eller nesten i lomma, som ikkje blei noko av etter at grunnrenteskatten blei varsla.

Publisert: 05.03.2024 11:10

Sist oppdatert: 05.03.2024 11:20

Mer om