Herøy Næringsforum må avviklast grunna manglande økonomisk grunnlag, ifølgje ei pressemelding tysdag.
Trass auka bidrag frå næringslivet dei siste åra, og permittering av dagleg leiar for å sikre minimal drift ut året, er konklusjonen at det ikkje er mogleg å halde fram verksemda.
Herøy Næringsforum blei starta i 2002 og har sidan 2014 hatt ansvar for å innstille midlar til støtte frå RDA-ordninga.
Etter at dei siste RDA-midlane vart tildelte våren 2024, er det ikkje lenger tilstrekkelege inntekter til å halde drifta i gang, heiter det i meldinga.
– Utan tilstrekkeleg kapital er det ikkje mogleg med vidare drift av stiftinga for å oppfylle føremålet. Dette inneber med anna at Herøy Næringsforum må overføre sine eigedelar til eit organ som har like eller tilsvarande føremål, uttaler styreleiar Svein Rune Smådal i stiftinga.
Shippingklubben vil vidareføre arbeidet
Fosnavåg Shippingklubb sitt styre har samtidig stilt seg positive til ei «overtaking» av Herøy Næringsforum sine eigedelar og hovudoppgåver.
– Dette ser vi kan ivaretakast og at ein under namnet Fosnavåg Shippingklubb held fram med nettverksbygging og godt innarbeidde arrangement og aktivitetar. Dette gjeld også vidareføring av Fosnavågkonferansen som Herøy næringsforum har arrangert gjennom 22 år, uttaler Helge T. Remøy, som er president i Fosnavåg Shippingklubb.
Bedriftene som til no har vore partnar i Herøy Næringsforum vil få høve til å teikne medlemskap i shippingklubben.
Har vore sjølvstendig undergrein
Organisasjonen Fosnavåg Shippingklubb vart oppretta i 2006, og har vore ei sjølvstendig undergrein til næringsforumet.
Shippingklubben har ein sunn og god økonomi der medlemsbidraga som kjem inn bidreg til å lage gode nettverkssamlingar for medlemmane, heiter det i meldinga.
Remøy fortel at dei vil forsøke å femne vakuumet som oppstår etter avviklinga av stiftinga, og vere eit alternativt for bedriftene som ønsker å vere med.
Publisert: 05.11.2024 09:14
Sist oppdatert: 05.11.2024 10:16