3 D Welding fv Rolf Hjelle Kay Robot Yksnøy Ole Martin Steinnes foto Ogne
VIL FLYTTE PRODUKSJON: Rolf Hjelle (t.v.) har arbeidd sidan 2016 med ideen om ein høgt automatisert fabrikk som kan gjere kutte- og sveisearbeid. Biletet er frå presentasjonen av selskapet i november 2011, der også Kay Robot Yksnøy og Ole-Martin Steinnes var med. Arkivfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Avgjer fabrikk-investering i desember

Industriselskap vil flytte heim produksjon - ber om hjelp frå kommunen.

28.11.2022

Ørsta kommune får framtida til industriselskapet 3D Welding på sakskartet 15. desember. Spørsmålet er om kommunen skal engasjere seg på eigarsida i eit utleigebygg som skal sikre at fabrikken kjem til Ørsta.

Assisterande kommunedirektør Eldar Øye seier til NETT NO at han reknar med at administrasjonen vil ha eit utgreiing klar til møtet 15. desember.

Kva som blir tilrådinga til politikarane er ikkje klar, men om det blir ja til å delta i ein slik investeringa er ein mogleg modell å etablere eit næringsbyggselskap for å investere i utleigebygg.

Utsette bygging
3D Welding, med Rolf Hjelle i spissen, varsla i fjor haust at selskapet vil bygge ein høgt automatisert fabrikk til 100 millionar kroner på det nye industriområdet til Ørsta kommune.

Fabrikken skal lage takkonstruksjonar i stål. Fabrikken skal gjere kutte- og sveisearbeid som i dag blir gjort i Aust-Europa og Kina, og konkurrere på pris.

3D Welding rekna først med at sjølve bygget ville koste rundt 40 millionar kroner, men nye anslag konkluderer med ein pris på 50-60 millionar kroner.

Det gjorde at planane vart utsett, og selskapet byrja å sjå seg om etter alternative plasseringar på Sunnmøre.

Utvikle industrimiljøet i Ørsta
Hjelle sa til NETT NO i fjor at planen er å ha om lag 15 tilsette første driftsår.

Han vil også medverke til å utvikle industrimiljøet og rekruttering til industrien i Ørsta.

3D Welding vil starte rekrutteringsarbeidet i yrkesskulen, allereie før elevane kjem til læretida.

Elevar på andre årstrinn får tilbod om å søke på trainee-stillingar, der 3D Welding er med på å legge til rette for kursing gjennom skuleåret, før neste steg er læreplass og eventuelt fast jobb.

Om 3D Welding etablerer seg i Ørsta blir selskapet det første industriselskapet på kommune sitt nye industriområde aust for Ørsta sentrum.

Publisert: 28.11.2022 13:44

Sist oppdatert: 01.12.2022 09:23

Mer om